Ryper og andre haustfuglar...

Hjortejakta starta bra for Odelsgut og meg, stort sett takka vere brunstlukta eg hadde kjøpt på Ebay og ikkje minst hjortekjeledressen eg hadde sydd meg. Men 2012 frysaren var enno ikkje heilt full, og det var ikkje snakk om å legge seg på laubæra å ete kjøt frå 2009 frysaren før 2012 var i boks.

Eg kunne vel igrunnen ha tenkt meg ei rype eller to, sa eg til Odelsgut ein søndagsmorgon i september. Han såg på meg med eit uutgrunneleg blikk over kanten av kaffikoppen. Har du lyst på rype? sa han. Eg kan bli med, sa eg, og hjelpe til. Nei, no må du gje di! Kan eg ikkje få lov til å gå på jakt aleine, for ein helsikes gongs skuld? Du lagar no eit slikt rabalder at eg ikkje kjeme til å sjå ei einaste forbanna rype! Rabalder!!! ropa eg indignert. Eg snik meg fram stillare enn fantomet! Ånden som går!!! Ein apache ville ha misunt meg! ropa eg. Eg nektar å gå på rypejakt om du ikkje kan halde deg heime, sa Odelsgut fast, og eg innsåg at her var det berre å gi seg. Berre dra deg sta aleine, di moldkræde, men kjem du heim utan fulg, får du ikkje fingrane dine på denne rypa heller, sa eg og trakk glidelåsen på chenillenattkjolen ned til kragebeinet for å gi han eit ørlite glimt av kva han kanskje kunne gå glipp av. 

Det var dermed litt av ein trussel stakkars Odelsgut hadde hengande over seg då han heiv hagla bak på lastekassa og sette seg i pickup'en. Prøv no å ta det litt med ro medan eg er vekke! Ikkje reis ut på Kjøpet, og hald deg for Guds skuld unna fjøsgrillen. Og ser eg noko som liknar dinna flotte formfulle bakenden din bak eit torvheng, veit eg ikkje om hagla får liggje i ro, for å seie det slik... 

Eg kjende eg vart forbanna. Etter tolv års sambuarskap skulle ein nesten tru at guten kjende meg litt betre! Eg skal fan ta vise han, tenkte eg. I mine glansdagar hadde eg nemeleg hatt  hovudrolla i Pochahontas, med strålande kritikkar i opptil fleire lokalaviser. Eg hadde sjølvsagt spart på det flotte Pochahontaskostymet, og med nokre små justeringar gleid eg rett inn i drakta. Lukka var at ein i staden for saumar i sida hadde knytetau i sikksakk heilt ifrå armhola og ned. Stoffet framme og bak var heildekt av flotte indianarfjør, og dekte det aller, aller mest naudsynte. Og kanskje viste vel mykje av mine formfulle, bleikkvite lår, men til helsike med det. Her skulle frysaren fyllast, og då var det an på å likne mest muleg på ein fugl. Odelsgut hadde for ei tid sidan mekka saman ei pidde til meg, og eg kom meg difor fram på Sætra og enda litt lenger, utan vesentlege problem.  Det var vel best å kome inn på Odelsgut frå baksida av fjellet, tenkte eg, og sette av garde oppover sida. No er eg ikkje den som trenar aller mest, og både, lår, leggar og andlet var vel meir røsslyngfarga enn kvitt idet eg kava meg over kanten på skaret. Langt der nede såg eg Odelsgut. Det er no eller aldri, tenkte eg. Som fridomsgudinna reiste eg meg opp, sette i eit krigshyl og la på sprang nedover dei lyngdekte knausane. Men eg hadde ikkje rekna med den enorme ørna som steig opp framføre meg, sette klørna i Pochahontaskostymet og prøvde å drage meg utfor lynkgknausen!! Heldigvis er eg ikkje altfor skrinn, så fanskapet klarte ikkje å rikke meg frå bakken. Uheldigvis hadde pochahontasdrakta morkna noko sidan 1989, og dermed klarte ørnejækelen å rive ta meg det eg hadde på meg av klede. Der stod eg att i Evas drakt, med 3 brotne fjør fletta inn hårrullane. Eg var virren av heile hendinga, men i augekroken såg eg til min forferdelse at odelsgut la an hagla og tok sikte i mi retning. Har du ikkje på deg linsene no igjen!!! ropa eg fortvila. Ikkje skyt, din blinde grindkval!! Eg sette på sprang mot han, han var trass alt svært nærsynt, og skulle eg redde meg, måtte eg kome så nær så muleg. Akkurat idet eg tryna utfor ein steinknaus, flaksa det 20 ryper oppfor hovudet mitt. Ei rad med skot buldra i øyra mine, og snart datt den eine fuglen etter den andre framfor andletet mitt. Eg kava meg opp av haugen med døde ryper. 2012 er redda! ropa eg til Odelsgut, medan eg spytta ein kjeft eller to med fjør ut or munnen. Og Odelsgut, som ikkje hadde sett meg utan chenilledressen på mange år, var svært fornøgd med årets rypejakt

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits