Multeplukking og anna småplukk...

For ei tid sidan gjekk Odelsgut til innkjøp av ei gravemaskin. Guten sjølv var så nøgd med handelen at han sveva i lukkerus dei neste vekene. Einaste skår i gleda var kjeveskada svigerfar fekk då han skulle hjelpe til med ein av dei 57 små reperasjonane maskina trengde før ein kunne ta henne i bruk. Sjølv var eg som nemnt oppteken med sylting og safting, ikkje minst fordi det var molteår i år, og då er det sjølvsagt viktig å kome seg til fjells og plukke kvart eit steikje kart før nokon annan får tak i godsakene. Eg var som alltid godt budd og hadde laga meg ein kamoponcho med gule, oransje og raude spettar i, slik at ingen skulle oppdage dei høgst løyndomsfulle stadane. Eg såg mest ut som ei nedfallsfrukt sjølv, sa Odelsgut, medan han skrudde den siste bolten på plass. Å, hold kjeft, rann det ut av meg, eg kan ikkje alltid sjå fullmoden ut når det er tale om matauk, la eg til, og sette dei ti nyplukka literane med molte i lag med dei andre 167 kiloane eg allereie hadde fått i hus. Du klagar no ikkje når sylta og safta kjem på bordet, kjære, sa eg med ettertrykk. Nei, men nokre gonger hadde det vore fan så godt med fersk sylte! Kan du ikkje hoppe over nokre år, slik at vi kan ete opp det vi har i dei utallige frysarane? Eg kjende halsen snøra seg saman. Hoppe over!!! La andre få plukke??!! Ro deg heilt steikje ned, svara eg, om ikkje sylta og safta smakar godt nok til deg, kan du halde deg til den sylande ferske hjortemøren frå i forfjor!!!

Akkurat då kom svigerfar svingande ned i tunet på to hjul. Det var så vidt eg såg andletet hans over rattet i den gråspetta kamodressen. Som i eit mareritt i saktefilm såg eg han opne bagasjeromdøra og openberra eit hav av nydelege oransje, fullmodne multer. Takk for tipset, svigerdotter, ropa han, med det tannlause smilet. Han hadde endå ikkje fått vore til tannlegen etter at Odelsgut drog til han med sleggja. Dessutan hadde han uheldigvis svelgt kornetanna, og sidan ein stakkar nær må ta opp lån for å gå til tannlegen, måtte han vente til tanna kom ut på naturleg vis. Ho var jo godt brukande berre ein la henne i klor eit par døgn.

Det var mine bær! ropa eg, og odelsgut måtte halde meg i fletta for å hindre meg i å springe lukt i andletet  på han. Svikar! ropa eg. Ro deg ned, der er vel andre stader det finns multe. Og dessutan har vi vel så det rekker, eller? Eg såg stygt på han. Siste ord er ikkje sagt, fresa eg, og snudde ræva til og gjekk inn i syltefabrikken odelsgut hadde mekka ihop til meg i kjellaretasjen. Her var alt ein kunne trenge: 10 fryseskap, 8 store kokeplater, 3 ekstra straumkretsar, samt eige renseri og transportband for flasker og sylteglas. Eit eige alarmsystem med eletrisk støtfunksjon var sjølvsagt på plass, i tillegg til eit dieseldreve naudaggregat på 50 000 Hk. I taket var det hengt opp ei nyopppussa silotalje med kamera og fjernkontrollfunksjon,  for å spare den nette kroppen min for ekstra store lyft. Men all denne herligheita vart godt gøymd under den svarte tordenskya som hang over hovudet mitt. Svigerfar, dinna brosma, hadde teke multene mine! 

Den natta kom ein lydlaus skugge farande gjennom tunet. Kledd i den svarte spandextricot med hette og holdin-funksjon, smaug eg meg nedom huset til svigerfar og svigermor. Ha! tenkte eg, no skal vi sjå kven som får det største gliset til slutt. Men utanfor døra til det 100kvm store kjølerommet deira, sat brosma vakt. Holdin-drakta gjorde det vanskeleg å puste, men eg klarte likevel å snike meg forbi den levande, snorkande alarmen. Brått reiste svigefar seg opp og sprang inn på do. For ein flaks, tenkte eg, og gjekk inn på kjølerommet. Her måtte det handlast fort! Eg bor bøtter med bær så svetten rann som ei elv etter meg. Eg hadde akkurat kome meg ut med omlag 100 kg då eg høyrde eit stort "Splæsj".  No kom tanna!! ropa svigerfar lukkeleg! Eg sneik meg lydlaust vekk, plasserte bæra i velvet i kjellaren, fekk av meg den åletrange dressen, og kunne endeleg puste letta ut. 

Då svigerfar kom frå tannlegen neste dag, oppdaga han ranet, og kom farande opp i eit rasande skymme. Kor det gjekk med tanna? spurte eg søtt og smilte mitt beste smil. Ikkje prøv deg med smiger, kvar har du gjort av bæra mine?! Dine bær? ropa eg, hadde eg ikkje fortalt deg om den løyndomsfulle staden, hadde du aldri fått plukka. Til slutt måtte Odelsgut gå mellom oss, og proklamerte at no var det nok bærsanking for i år, elles ville han setje opp ei plakat på coopen med oversikt over dei beste multeplassane. Det var eit alvorleg trugsmål for både meg og svigerfar, og vi heldt klokeleg kjeft. Der var vi steikje på nett. Det var ein ting at nokon andre i familien fekk klauene sine på bæra, men at naboen, eller endå verre ein helsikes turist eller to fekk plukke, det var meir enn vi begge kunne tåle.

 

Én kommentar

Veslemøy Ervik

13.09.2012 kl.22:40

Steike bra:) trur ei lær mei i hæl:)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits