Sauesanking

Gardslivet har mange sider, og når ein har sauer, er ein av dei å sanke dei inn etter at dei har fått smake fridomen fjellet gir. Dette er sjølvsagt ikkje alltid like enkelt, men heldigvis er både Odelsgut og eg ihuga sankarar, og kan vel få i hus kva det skal vere utan vesentlege problem. I år skulle det derimot vise seg å verte litt meir problematisk enn vi hadde rekna med. 

Systera mi er ei kjekke taus, men hatar alt som har med gardsdrift å gjere. Odelsgut plar kalle henne for spøkelseskladden, då ho har ei eiga evne til å dukke opp i utide og utide, heilt utan føråtvaring. I åras løp har Odelsgut likevel utvikla sitt eige alarmsystem, då han får både gåsehud og lett feber 5-10 minutt før ho kjem drylande inn døra. 

Eg stod altså og masserte ein av dei særleg vonde knutane til Odelsgut, då alt håret på ryggen brått reiste seg. Vi får besøk snart, sa guten med tung røyst, eg tek meg ein tur ut i tunet. Ikkje før hadde han smetta ut verandadøra, før ho stod framføre meg. Kledd i svart silkebluse og med håret behendig tupert og oppreist ved hjelp av ei halv flaske Elnett hårspray,  såg ho meir ut som ei blond dynastialexis, enn ei bygdataus. Støvlettane var siste skrik, med høge helar og opning både framme og bak, og det skotskruta plisseskjørtet, som viste akkurat nok av dei halvlange leggane,  var groteskt stilig. Eg såg skeptisk på henne. Visst var ho feiande flott, men ho hadde ikkje klart å plukke ei steikje multe, ei heller gjort fjøs i eit slikt utstyr. Ho heiv av seg det flammeraude halsskjerfet med ei dramatisk rørsle, og deisa ned i nærmaste stol. Kvar er svogeren min? Har han gøymt seg? sa ho med ei stemme som bar preg av den leie halsvirusen som hadde funne sin permanente bopel i den vakre svanehalsen hennar, og som slett ikkje stod i stil med resten av framtoninga. La meg få litt kaffi, for fan, nærmast brølte ho, og sjølv om eg hadde mest lyst til å be henne dra seg sta og finne seg ein kopp sjølv, visste eg at det var best å vere på lag når ho var i eit slikt skymme. Fan, dinne gestrengbrellå er steikje ubehageleg! sa ho, medan ho gjorde ein djup knebøy for å prøve å riste laus. Til helsike med det! Kva er det du vil? Vi skal på saudesanking, og må snart hive oss i pickupen, prøvde eg meg. Saudesanking! Alltid skal du no halde på med dinna helsikes garden, har du ikkje tid til di eiga syste? Di stødigaste støtte i livet? fresa ho, og tok ein lang, lang slurpande slurk av kaffien eg nett hadde henta. Du er no meg eit stort rævhol, du har inga forståing for det Odelsgut og eg slit meg kvar dag! Du hadde aldri klart å vore i mine sko!! proklamerte eg. Eg ville ikkje ha vore sett dau i dine sko, slik som dei ser ut, sa ho. Du går no å dassa i dissa fjøskleda dine, og for å ikkje snakke om alle disse kamoantrekka du driv å syr sjølv. Usja! Av og til lurer eg på korleis eg, med min sans for high fashion, har fått ei slik syster, heilt blotta for stail. Men ein ting skal du vere klar over: Eg hadde godt klart å vore bondekjerring for ein dag, og eg skulle ha klart det med bestebrellå også! 

Stakkars Odelsgut vart bra side i trynet då han såg kven som sat bak i pickupen. Skal HO vere med? På saudesanking? Har du gått heilt steikje frå vetet, kjerring!!? Ho kjem seg aldri opp i fjellet, i alle fall ikkje nedatt i det antrekket. Hald kjeft, di bergjylte! Eg skal no skifte, sjølvsagt, eg er no ikkje heilt steikje idiot heller! ropte ho. Svigerfar, som sat klar i traktoren, klarte ikkje å dy seg: Det er no flott med underhaldning når ein er på tur, sa han og gliste. Systå vart rasande, og Odelsgut fann det best å køyre før ordkrigen utvikla seg til ei brennheit konflikt.

Vi stod og venta aldri så lenge, men til slutt kom ho ut, som vanleg kledd for høvet, med langhalsa saueskinnsponcho, skinn-nikkers, høge designerstøvlar og det karakteristiske raude skjerfet i halsen. Det osa tungt av chanel nr. 5, for som syster mi seier, det er ikkje nødvendig å lukte drit sjølv om ein held på med dritarbeid. Og til fjells bar det, og utruleg nok kom ho seg på eit vis opp, sjølv om ho gleid og gjekk på trynet heile forbanna tida. Kunne ho ikkje hatt skikkelege fjellsko,  for svarten! Ho kjem til å skremme vetet av sauene! kviskra Odelsgut. No må ikkje du vere så negativ, frøste eg tilbake, ho må no få vise at ho kan, og med dinna flotte saueskinnskåpa, glir ho kanskje rett inn i flokken. 

Du kan no hente dissa seks der opp du, sa Svigerfar til systera mi og gliste. Det er berre å rope forsiktig på ho Kjempe-Guri, så finn dei nærmast vegen sjølve. Vinden hadde gjort ein god jobb med Elnettsveisen, og det heilt naturleg lyse håret stod rett opp. Tørk av deg gliset, trur du det er noko problem å hente ned nokre sauer? Ho hepsa seg oppover fjellsida så moldspruten stod kring henne. Men nett då ho kom på høgde med dei, og ropte: Kjempe-Guri! med så linne stemme ho klarte, sprang dei vidare opp råsa og over kanten av skaret. Kva i fan dei springe for? ropte ho. Dra deg etter dei! ropa svigerfar, elles spring dei over kommunegrensa! Du måtte sende henne etter dei skjerraste? sa eg og sende svigerfar eit stygt blikk. Plutseleg kom sauene springande tilbake. Dei bræka så høgt at det var nærmast uråd å høyre noko som helst idet dei i full panikk reiste nedover råsa. Systå var ikkje å sjå. Dei andre sauene vart så skremde av alt dette, at dei sette i å springe oppover i staden for nedover. Der ser du! ropte Odelsgut til meg. No vert det eit helsikes styr å få dei nedatt i fjøsen! Eg sprang til eg kjende blodsmaken i munnen. Sauene måtte sjølvsagt kome fyrst, og vi kunne ikkje sleppe dei for å leite etter systå. Pokker også! Eg burde ha visst at dette kom til å gå til hondane! tenkte eg.

Raudletne og sveitte, og fleire timar etter,  fekk vi endeleg med oss flokken heim att i fjøsen. No må vi oppatt å finne systå, sa eg. Systera di klarer seg heilt sikkert fint, ho overlever det meste, det er eg ganske viss på, brumma Odelsgut. Du ser ganske bleikgusten ut, sa eg, er du ikkje heilt bra?  Men der kjende eg det og, ein svak eim av Chanel la seg over nasene våre i det vi skulle til å late att fjøsdøra. Systå!! ropa eg. Eg tek meg ein tur ut i tunet, sa Odelsgut og forsvann. Nei, sjå! ropa svigerfar. Eg trur vi har fått ein ny jember i fjøsen! Og der, midt i den store sauegarden, såg eg saueskinnskåpa med nokre småbleike hårtustar stikkande fram. Systå! Er du i live!!! I live, for fan!! brølte ho. Sauejækelen ville ikkje stoppe, så eg klamra meg til halsen hennar Store-Guri heile vegen nedatt. Høyrde du ikkje at eg ropte! Og sjå!!! Dei fine støvlane mine er vekke! Du skuldar meg eit par støvlar! Ho reiste seg opp og halta ut av garden. Svigerfar klarte ikkje å haldle seg, og skrattlo med det han hadde. Heitedet! Kan du ikkje busette deg i fjøsen, du glir rett inn! Berre vent, så skal eg sleppe inn veiren!! Som venta fekk han seg ein god drylar midt i planeten. Og som Odelsgut seinare peikte på, kom han trass alt godt frå hendiga, då han ikkje mista tenner. Vi må også vere glade for at dette innfallet av lyst til å hjelpe til på garden kom i dag, og ikkje i morgon når vi skal jage inn alle oksane, sa Odelsgut og fekk med systå sin dramatiske sorti, att dei deilege rosene i kinna sine. 

 

 

2 kommentarer

Veslemøy Ervik

26.09.2012 kl.21:31

Haaaa, haaaaa:) ja ja:)

Gardakjerring

27.09.2012 kl.08:35

Stakkars systå!! Slik er det når utsjånad kjem framføre komfort og tryggleik;-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits