Kom, skal vi klippe sauen idag...

Odelsgut og eg er heimefolk, det er vel knapt nokon løyndom. Vi likar oss godt i heimens lune arne, og i tillegg er det som kjent mykje arbeid med gardsdrifta og det er vanskeleg å kome i frå. Likevel ser vi oss av og til syn med å trå over dørstokken og ta ein tur ut or bygda. Den ville ferda ut i det ukjende går sjeldan langt, men denne gongen hadde odelsgut nesten overgått seg sjølv.

Sauene var komne vel heim i fjøsen etter ei ikkje altfor enkel sanking. No er det vel på tide å få av ulla, sa Odelsgut ein vakker laurdagsmorgon i oktober. Lukta av bacon og egg låg som ein herleg eim på kjøkkenet, livet var prega av mak og ro, ja, ein kunne nærmast sjå fredsduene flakse rundt hovuda våre. Lukkeleg nynna eg bæ, bæ, lille lam, medan eg forsiktig la fram eit godt gjennomtenkt forslag om at kanskje det var eg som kunne ta meg av klippinga i år. DU! rapte Odelsgut, medan små bitar av bacon flaug gjennom lufta. Ja, kvifor ikkje? svara eg. Er det ikkje på tide? Odelsgut kika over brilleglasa. Eg hadde tenkt at vi skulle gjere litt research fyrst, brumma han. Reasearch!! ropte eg. Det er vel ikkje nødvendig! Eg har no sett på deg i åresvis, trur du eg er steikje greinalause?! Trur du ikkje at eg klarer slikt? Men den lette irritasjonen er kjende gjekk fort over i rein lykke, då odelsgut slengde brosjyra i bordet og sa tungt: Gol.     Fyrst forstod eg ikkje kva elsklingen meinte, men sakte gjekk det opp for meg at han hadde tenkt å ta meg med på tur. Og så heilt til Gol!! ropte eg. Tenkt å vere gift med ein slike mann!! No må du roe reka heilt steikje ned! sa guten. Det er research. Det skal arrangerast VM i saueklipping i området. Eg vart så yven over denne informasjonen at eg ikkje klarte å hegne meg. Eg heiv meg rundt halsen og deisa den nette spuren opp på fanget hans, medan eg hylte så ekstatisk at til og med naboen stakk hovudet inn døra og spurte: Ka so skjer? 

På Gol var der både spa og tropicana badeland, og vi måtte sjølvsagt prøve. Eg var nok så skeptisk til massasje og den slags, der var vi like, men eit bad i rette omgivnadane, det sa eg ikkje nei til. Systera mi hadde bestilt meg badedrakt i Ellos, ein rålekker kreasjon i svart/ kvit kontrast, med skjørt som rakk meg nesten ned til knea, ein stor paljettpanda pryda framstykket, medan bakenden til pandaen pryda det flotte spælet mitt. Ein kan ikkje vise for mykje av godsakene, proklamerte odelsgut, og var for ein gongs skuld godt nøgd med svigerinnå. Odelsgut sjølv var rasande flott i ny oransje badeshorts med svarte palmeblad både framme og bak. Shortsen var nok i største laget, men det er som kjent viktig å ha noko å vekse i, det hadde odelsgut antyda mange gonger. Sistemann uti er ei kræde! ropte eg og sprang mot bassengkanten. Og meir elegant skrott har vel aldri korkje før eller sidan vore sett sør for Hallingskaret. Eg hoppa opp på brettet, tok ein dobbel salto med vri før eg som ei svale gleid nesten heilt steikje umerkeleg ned i det godt tempererte vatnet. Skjørtet virvla rundt føtene, og låg som ein krans rundt kroppen min og duva lett fram og tilbake i det bølgjene frå stupet laga små fontener mot bassengkanten. Odelsgut, som på ingen måte er noka kræde, kom springande i stor fart, hoppa på stupebrettet, rasa oppover i 5 meters høgd, før han retta armane og føtene ut og landa på magen med ein eleganse Mark Spitz berre kunne ha drøymt om! Den svarte og oransje kreasjonen blotna opp og blanda seg med det nydelege smilet han er så kjend for. Tragisk nok, viste det seg at det ikkje var lovleg å stupe i bassenget bortsett frå kvelden mellom 20.00 og 22.00. Dei mange pensjonistane som hadde leigd bassenget til raumatisk behandling, hadde blitt nok så vondlætne og sjokkerte av hendinga, og ei lita og tynn dame på om lag 95 år, hadde endå til blitt slengt opp på bassengkanten av den nette tsunamien av klorvatn. Eg vart rasande over denne behandlinga! Det var no vel for fan ikkje mi skuld at desse fjellmolbuane som ikkje hadde sett sjø før, nesten drukna av litt vann!  Få dokke redningsvestar, for helsike, ropte eg i det badevaktene sleit meg ut døra.

VM i saueklipping var likevel høgdepunktet vi gleda oss til, og det var heilt utruleg å sjå kor fort og flott dei beste klipparane gjorde det. Dette vert noko å leve opp til, sa odelsgut imponert. Pøh! fnaus eg. Det er vel ikkje noko problem. Dei klipper no berre oppå! Eg skal no klare å klippe heile sauen på like kort tid. Det skeptiske blikket eg fekk tilbake, dreiv meg berre endå lenger i fantasien om å bli den beste saueklipparen på Sunnmøre.

Bilen hadde knapt stoppa i tunet før eg heiv meg i fjøskleda. Her skulle det klippast! Men nei, og nei! Trur du ikkje ditta våbøle av ein svigerfar allereie hadde starta? Her hadde han fått klar beskjed om at  han ikkje skulle klippe, men trur du han klarte å vente? Fan brette meg, altså!!! No har dinna faren din gått for langt, han har pinadet makk i ræva! ropte eg til Odelsgut. Eg reiv opp fjøsdøra og brølte: stopp klippemaskina med ein helsikes gong om du har livet kjært! Ferdig! sa svigerfar og gliste. No er det berre Balder att. Eg kjende at rommet var mindre og kvite snorer dansa framføre auga mine. Balder. Den vondaste, argaste sjela på garden! Eg såg på han, og han stirra olmt tilbake. Eg kjende meg som Billy the Kid i sekunda før ein duell. Ja, ja, sa eg. Så var det du og eg, Balder.  Bææææ!!! Buldra Balder tilbake.

Opp på klippestativet for han, og det var berre så vidt bandet nådde rundt den muskuløse halsen. Eg kjende eg fekk sveittebrot. Det pipla og rann både her og der, medan klippemaskina gjekk si langsomme ferd over den enorme saueskrotten. Armane var låke heilt ut til ytterste fingertuppane, og den ramme lukta av Balder reiv i nasehåra så tårene pipla fram i augekroken. Eg gir fan ta ikkje opp! tenkte eg. Akkurat då kjende eg at klippemaskina traff noko anna enn ull. Sauen kom med eit bræk frå det hinsidige. Kva i helsike!! ropte eg fortvila. Men sauen var nok meir fortvila enn eg, for i neven min hadde eg fanga restane av det som ein gong var dei edle delane til Balder. Kva i fan er det du drive med!!! ropte Odelsgut fortvila. Har du kastert han Balder!! Nei, og nei! Beste væren som nokon gong har vore på garden! Kva kjem han far til å seie no!!! Men svigerfar hadde heldigvis allereie bestilt ny vær frå Stranda, for som Odelsgut sa i det han henta salongrifla, når ein veir kjem over ein viss alder, klarer han rett og slett ikkje å få kroppen sin opp på jembrene lenger. Og, la han til,  Balder har det nok betre no, på dei evige jaktatlega, der han lett og ledig spring etter jembrer for alltid. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits