Når nettene vert lange...

Det er mange fordelar med å bu vegg i vegg med fjøsen. Kort veg til arbeid, vi høyrer det lågaste lete om noko skulle vere gale, og ikkje minst er det fort gjort å lukte kva tid gjøsselkjellaren er klar for tøming. Ei ulempe, derimot, er dissa forbanna utyska som elskar kalvegodt og formjøl. Eg snakkar sjølvsagt om mus og rotter. Gløymer ein eit lite sekund å late att ei dør, skal du vere nok så sikker på at fanskapen kjem drysande inn dørene. Når det nærmar seg jul, og det vert kaldare ute enn inne, er ein ekstra utsett, trass i at vi alltid prøver å unngå ein normaltemperatur i stova på over 16 grader. Det går an å kle på seg, som Odelsgut seier, og på verdsbasis er me i Noreg miljøsvin i høve til dette med straumsparing. Her på garden bruker vi difor så lite straum som muleg, for på denne måten gjere vårt for den globale miljøpolitikken. Og når det er skikkeleg kaldt inne, er det ikkje ein einaste museskrott som gidd å ta den risikable turen over tunet, då det stort sett er varmare i fjøsen. Her ein dag gjekk derimot varmepumpa fullstendig av hengslene, og spydde ut varmluft til tapeten på veggande byrja å boble. Odelsgut og eg var sjølve uvitande om dette (sjølvsagt), då vi var ute og arbeidde begge to. Odelsgut var oppteken med å sveise eit nytt triangel til gamleforden då vi berre hadde 10 frå før, og sjølv heldt eg på med vedakløyvaren, då vi hadde eit par tusen kubikk med tømmer som måtte takast snarast råd. Veden var viktig, han var trass alt gratis, og som Odelsgut seier, til meir vi fyrer, til mindre elektrisitet bruker vi, og til meir sparer vi miljøet.

Eg heldt akkurat på å trykkje ein 5 meter lang stokk godt inn i kløyvaren då Odelsgut kom springande med sveisemaska i handa. Du må komme! Du må komme! ropte han fortvila. Kva er det? Eg vart nok så engsteleg, for det er relativt sjeldan guten hevar stemma, og panikk har han med det eg veit aldri fått. Likevel såg han nok så fortvila ut idet han runda hjørnet på fjøsen. Det er noko som er gale inne i huset! Eg slapp det eg hadde, og då eg runda hjørnet såg eg dei neddugga rutene og kor det rann frå rafta. Herregud! Varmepumpa, som Odelsgut sjølv hadde designa og installert, hadde blitt riv ruskande galen. Vi klarte å ta oss inn, trass den forferdelege varmen, men pumpa ville ikkje skru seg av, ikkje ein gong når vi drog ut kontakta. Det må vere det innebygde naudaggregatet! ropte Odelsgut tungt, han var ikkje glad i varme, og klarte mest ikkje fungere i ein slik temperatur. Gjennom skodda såg eg noko svart som pilte over gulvet. Nei, å nei! Det er kome mus inn! ropte eg.

I slike høve hadde Odelsgut mekka saman ei automatisk musefelle med 10 matestasjonar og automatisk remating om musa skulle klare å ta agnet utan at fella kleppa saman. For å vere sikker på at pokkerskapet døydde, hadde han i tillegg nokre titoms spiker som smekka att samstundes med fella, og det var ikkje ein einaste musejækel som så langt hadde overlevd Odelsfella. Men gjennom skoddehavet var det ikkje enkelt å korkje sjå eller puste. Brillene til Odelsgut var for lengst dekt av eit ekstra tjukt lag av dogg, og sveitten rann i strie straumar nedover den smekre kroppen, og danna ein fin liten innsjø under klauene. Ser du pumpa? ropa eg. Ser!!! Eg ser no vel for svarte svingande ikkje noko i dette skoddehavet! Eg trur eg ser henne! ropa eg. Følg stemma mi! Brått byrja pumpa å dure faretruande høgt. Vi må komme oss ut! Fanskapen eksplofanmegdeirar!!

Det var heilt steikje kvitt på alle kantar. Eg peiva med armar og bein, i desperate forsøk på å få tak i noko handfast.Odelsgut! ropa eg. Er du i live? I live for helsike! Ta ei sleggje og send varmepumpedriten ut på dei evige jaktatlege før eg vert skikkeleg forbanna! Eg kunne ikkje anna enn lyde. Sikta var fortsatt som i ein urfinsk sauna. Kan vi ikkje prøve å late opp ei dør eller eit vindaug, ropte eg. Har du gått heilt steikje frå vetet, kjerring??!! Slik ei sløsing!! Nei, fan heller. Når varmen fyrst er komen i hus, skal han pokker brette meg ikkje få sleppe ut! Som alltid hadde vi ei sleggje ståande rett ut for stovedøra. Det er eit hendig verkty, sleggja, brukande til mykje meir enn ein trur, og både Odelsgut og eg er samde om at det er best å ha ei for handa. Eg klarte så vidt, dyvåt av sveitte og med mascara rennande i strie straumar, å løfte sleggja bak hovudet. Men akkurat idet eg skulle til å bruke mine siste krefter til å gi ho ein skikkeleg drylar, kom enorme lydbølgjer, følgt av ein vegg av luft, som smellde meg lukt inn i verandadøra. Idet eg landa kjende eg ei smerte meir intens enn eg nokon gong før hadde kjent. Fan steike, rann det gjennom hovudet mitt, der datt raua mi rett ned i Odelsfella! Kor det skal gå med spælet mitt no, ropte eg i rein fortviling. Odelsgut, som hadde høyrt smellet, kom dragande over stovegulvet, kor det går? Er du i live? Brillene hadde byrja å få ørsmå flekkar av klart glas i all duggen. Det er ikkje meir heller, gret eg og snudde ræva til så han fekk sjå kor gale det var fatt. Men, som Odelsgut sa, inkje er så gale at det ikkje er godt for noko, for eksplosjonen hadde også kverka ei rotte eller to, og vi fekk no både sjå og kjenne at Odelsfella fungerte både på det eine og det andre byttet. Men, eg trur nok at eg kan trekkje ut titommarane på dette patentet, la han til, idet han gjekk for å hente avbitartonga og litersflaska med jegermaister. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits