Hårpryd og anna søl...

Svigerfar og svigermor plar ha seg ein tur til Tyrkia ein gong om året. Denne gongen reiste dei i november, då det var svært gode prisar denne tida. LItt kaldt er der rett nok, men svigerfar treng slett ikkje høge temperaturar for å kaste skjorta. Det er viktig å bli brun, slik at folk kan merke at ein har vore ute av bygda i nokre veker, som han seier. Og etter 3 veker i Tyrkia var svigerfar brunare enn dei fleste hus i Gudbrandsdalen, noko svigermor fekk merke då ho skulle ta eit bilete av han framføre eitt slikt hus. Mannen var steikje usynleg for å seie det slik, og hadde det ikkje vore for hawaiiskjorta og kvita i auga, hadde ingen merka at han var på biletet i det heile.

Det var ein mild november, over 13 grader på jamna. Sauene hadde akkurat kome inn, og det var på tide at Oddgut og Balder 2. fekk jobbe for føda. Det var trass alt berre ein grunn til at dei fekk vere i fjøsen i det heile, og etter eit heilt år med gratis foring, var det jaggu på tide at dei fekk vise kva dei var gode for. Svigerfar var som sagt i Tyrkia, og det var opp til Odelsgut og meg å få veirane til å gjere jobben sin. Du kan no prøve fyrst du, sa guten, med eit glimt i auge. Ha! trur du ikkje eg klarer det? Du trur visst eg er heilt greinalause, du? Nei, for all del, svara han sleskt, det er berre å prøve seg. Eg kjende eg vart forbanna, og hadde mest lyst til å ta sleggja og fjerne det sjølvgode glisen frå jordas overflate. Den som ler sist, ler best, heiv eg i han og hepsa meg ut dørene for å finne fram fjøskleda.

Og veirane var klare! Det kunne ein kjenne på den ramme brunstlukta som møtte meg som ein vegg idet eg opna lødedøra. Helsike, for ein stank! Eg hadde mest lyst til å snu, men eit blikk på Odelsgut, fjerna slike tankar frå hovudet mitt. Eg gjekk resolutt inn, batt tauet godt fast rundt Balder, og opna garden. Og aldri før har vel ein veir hoppa så fort og så høgt. Ta no det for helsike litt med ro, ditt utyske! ropte eg. Men Balder, som hadde hatt varme draumar og kvar ei steikje jember i fjøsen i eit heilt år, var ikkje til å stogge. Eg låg på bandet og prøvde å halde att med det eg hadde, men Balder for sin seiersgang frå søye til søye i ei rasande fart. No må du hegne deg litt, for pokker! Odelsgut! Klarer du å skrive ned nummera. Dette går heilt i surr! Du må drage han inn att i garden! Balder ville ikkje rikke seg. Eg skal nok ta  deg, tenkte eg, og tok eit skikkeleg krafttak. Brått miste Balder fotfestet og heile sauen datt på rygg i det han skulle til å hoppe opp på ho Kjell-mor. I sakte film såg eg ei klyse kome farande gjennom lufta, og hadde det ikkje vore for at eg låg på golvet med tau i begge hender, hadde eg nok klart å gå klar. Men den gang ei. Eg fekk klysa rett i den nylagde sveisen. Helsike, also!! Odelsgut lo så eg trudde han skulle drepe si. Tørk vekk det fliret om du har livet kjært sa eg, og prøvde desperat å tørke vekk fanskapet i frå håret. Vi måtte sjølvsagt få Balder inn i garden sin, før eg kunne gå å vaske meg. Men akkurat idet eg opna fjøsdøra, kom systera mi drylande ned i tunet med ein eim av chanel både framføre og bak seg. Gud!!!! Kva har du gjort med håret!!! Noko så stilig! sa ho den nette grove røsta ho var så kjend for. Kva i alle dagar har du gjort? Kva frisør har du vore til??!! Eg vart teke heilt steikje fullstendig på senga. Her gjekk eg med dei edle dråpane til Balder, godt inngneka i hårrøtene, og så stod altså "the queen of style" og messa om kor fin eg var på håret! Her gjaldt det  halde maska. Odelsgut stod på god avstand, men heile skrotten synte at han mora seg godt. Eg vil og ha eit slikt stylingprodukt, proklamerte systå med ei stemme som nesten gjekk i fistel, eller nokså høgt for å vere henne. Kvar har du kjøpt det? Blivakker.no? Der har dei mykje steikjandes bra og ikkje minst rimeleg! Eg fekk meg ikkje heilt til å svare, og dess meir desperat vart ho. 

Akkurat då kom svigerfar og svigermor burnande ned i tunet. Dei hadde køyrt heile natta for å kome heim. Det er i alle fall ikkje vits i å bruke pengar på hotell, som svigerfar seier. Blodsugarar, heile gjengen! No var svigerfar så vidt synleg i den svarte toyotaen, då han som vanleg var blitt smeikje brune. Heldigvis hadde han kvit caps på seg, ellers hadde han kunne teke livet av lettskremde møtande sjåførar på vegane. Dei stoppa og snakka så vidt med Odelsgut, og trass mitt kvasse blikk, klarte han sjølvsagt ikkje å halde kjeft. Brått såg eg svigerfar heiv seg ut av bilen og sprang inn i fjøsen. Systera mi stod fortsatt og snakka i fistel over sveisen, og eg kjende eg byrja sveitte. Eg skulle akkurat til å opne munnen og fortelje kva som hadde skjedd, då dinna kolkjeften av ein svigerfar kom springande mot oss. Steik for ein flotte brunfarge du har fått, gaula systå, du kan no berre kle av deg du, om du skal på jakt, å leggje deg opp i eit torvheng, ikkje ein einaste jækel som ser deg der du, sa ho og skogglo av si eiga morsomheit. Å, jeg takker og bukker, svara svigerfar med såpeglatt stemme. Eg har faktisk med ei lita gåve frå det fjerne aust, sa han og tok opp ein liten metallboks frå lomma: Dette er spesiallaga hårvoks, rein arganolje, ikkje testa på dyr. Versogod! Det er same produkt som svigerdottera mi har i håret, ho fekk i fjor! I fjor, ropte systa. Har du hatt denne gullgruva i eit heilt år, utan at eg har fått prøve?! Tusen takk, sa systå, snudde på hælane og sette avgarde. Eg hadde rett og slett ikkje hjarte til å seie til henne kvar denne eksklusive hårvoksen kom frå, og som Odelsgut sa, det var vel like greitt, ellers kunne det kanskje sjå mørkt ut for både Oddgut og Balder.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits