GJEST OG PEST

Odelsgut og eg er som kjent opptekne av miljø, og straumsparing og i samband med dette er det viktig for oss å ikkje vaske kle altfor ofte. For all del, vi er ikkje ureinslege på nokon måte, og sjølv om Odelsgut rynkar på nasen, har eg brote gjennom at ein må dusje kvar dag. Men det går no så steikje møkje handkle, sa Odelsgut i samband med ein av dei relativt lange diskusjonane omkring dette emnet. Ja, eg måtte nok vere samd i at det går med ein del når ein sprengdusjar på denne måten. Vi fann difor raskt ut at store handkle måtte klinisk fjernast frå huset, og kvar måtte klare seg med store vaskeklutar. Står ein lenge nok, tørkar ein dessutan av seg sjølv, proklamerte Odelsgut. Heilt nøgd med denne ordninga, var vi likevel ikkje, særleg når vi hadde gjestar. Gjestane på si side likte av ein eller anna grunn ikkje dei små handklea. Dei dekkjer no nesten ingenting, fekk systå mi uttå. Odelsgut, som alltid hadde influensa når systå var på overnattingsvitjing, såg bleikaugd over brillekanten og peikte på at så bøvlege store handkle ikkje fanst i handelen. Men systå var ikkje verre på det enn at ho tok med eige handkle neste gong ho kom. Då Odelsgut tok ut av vaskemaskina og såg den enorme tøyleiven måtte han rett og slett ta seg ein tur ut i garasjen og sveise ei stund for å lette på det verste trykket, for å seie det slik. 

Sidan det var november, stod eg sjølv på kjøkkenet og laga syltaflesk til langt på kveld. Månen hadde nett kome framom fjella, og bygda bada i eit vakkert skin. Etter ein lang og slitsam dag skulle det verte godt å vaske skrotten. Eg sette på dusjen og fann fram tørkekluten. Vanlegvis plar eg vere svært rask i dusjen, med en 70 liters varmtvatnstank er det ikkje mykje rom for ettertanke, men denne dagen rann egoismen i meg, og eg tenkte å ta meg litt ekstra tid. Odelsgut går no heile dagane og klagar på at det er så varmt overalt, så han kan vel alltids ta ein halvkald dusj, tenkte eg, medan eg nynna O Jul med din glede. Det var ikkje før eg kom til "vi klapper i hendene..." at det gjekk skikkeleg gale. Trur du ikkje dinna helsikes torsketunga hadde mekka til eit automatisk tørkesystem i dusjen? Sjølvsagt reagerte det på klappelyden, vatnet skrudde seg av med eit drønn, og ut av massasjedysene  kom det ein orkan av kaldluft. Der stod eg altså med håret godt fullt av lilla sjampo, dryppande våt med storm frå alle kantar. Vinden var så sterk at eg knapt klarte å stå på føtene. Eg klarte så vidt å opne dusjdøra og stupe ut på gulvet. Odelsgut! ropte eg. Sjampoen hadde føke veggimylla, og eg såg berre på den dårlege auga. Odelsgut, ditt krapyl, kva i svarte svingande har du gjort med dusjen!! Guten sjølv hadde høyrt rabalderet, men hadde tydelegvis ikkje noko hastverk med å trå til denne gongen. Ikkje før eg laga nokre fortvila ulvehylliknande lydar, kika han forsiktig inn badedøra. Nei, men du må no skylle av deg såpa kjerring, sa han då han såg meg ligge der i den lilla hjelmen. Skylle!! Kva i svarten har du gjort med dusjen! Har du tenkt å ta livet av meg, ropte eg fortvila. Du siktar til den automatiske tørkefunkjsonen eg har innstallert, går eg ut i frå, sa guten med stolt stemme.  Kva i svarten skal ein med slikt fjas?? svara eg.  Forstår du ikkje det geniale her, ropa Odelsgut. Med denne funksjonen treng vi ikkje lenger handkle! Tenk kor lite klesvask vi får no? Eg spytta litt sjampo ut av munnen. Det er no ikkje alle stader ein får tørka då, om du forstår kva eg meiner, svara eg, for trass i at eg sjølvsagt såg dei enorme ringverknadane av ei slik oppfinning, var eg fortsatt forbanna. Nåja, svara guten, det kjem vel an på kor mjuk ein er i skrotten det, om du skjønar kva eg meiner, sa han tungt. Eg hadde mest lyst å hive sjampoflaska lukt i andletet på han, men istaden gjekk eg innatt i dusjen, klappa i hendene og svingte meg rundt heilt til vatnet var så kaldt at sjølv pingvinane i arktis hadde vegra seg. Ikkje nok med det: Eg tok to vaskeklutar og tørka meg godt og vel. 

Med chenillepysjen på plass, gjekk eg inn på kjøkkenet og ordna til litt kvelds. Eg går i dusjen, høyrde eg guten rope. Eg humra for meg sjølv, og kunne ikkje anna enn å le stygt då eg høyde hylet frå badet. Eg stakk hovudet inn: Går det bra, kjære? spurde eg med bestestemma. Her er berre kaldt vatn att! svara guten med klaprande tenner, eg må ha ein vaskeklut å tørke meg med. Nei, men det treng du ikkje, sa eg og klappa i hendene. Eg høyrde den grusomme blesten i det eg let att døra. Ha! tenkte eg. Pass åt nå.

Ei svært kort stund etter kom Odelsgut lurkande inn på kjøkkenet. Han hadde ståpels over heile kroppen, og andletet var djupblått av kulde. Han kika over brilleglasa, men var taus. Ryggen var kroka og lortefallet var kortare enn vanleg. Hårtustane var kvite av frost, ja, sjølv dei kraftige augebryna var dekka av eit florlett lag av iskrystallar. Nesten som Bresjnev etter ei lang tale på utsida av Kreml, tenkte eg og gliste. Kva i svarte svingande gliser du av! sa han. Men trass i den noko kalde stemninga over bordenden den kvelden, var både odelsgut og eg samde om at oppfinninga kunne få verdsomspennande ringverknader. Og, som Odelsgut sa, så kunne det hende at han tok ein tur innom når systå kom på overnattingsvitjing neste gong, om ikkje anna enn for å appluðeire. 

 

2 kommentarer

Veslemøy Ervik

20.12.2012 kl.09:37

Verte spennande å komme på besøk skjøne ei:)

Gardakjerring

20.12.2012 kl.13:22

Vi klapper i hendene;-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits