O, Jul med din glede

Det nærma seg jul, og freda senka seg på eit vis over garden. Julepølse, sylteflesk, rullepølse, hjortejulekarbonader var i havn, samt ribbe og spekekjøt var i god tørk. Det er ikkje enkelt å få tørka kjøt på våre kantar, då vêret ofte er rått og fuktig, men Odelsgut og svigerfar har installert ei enorm vifte i kjellaren, for å hindre at slike frekke vêrfenomen skal kunne øydeleggje høve for å få god tork. Slaktar gjer vi alltid sjølve, for som svigerfar seier er  kjøtet ein får på butikkane altfor skrinnt, og saudekjøt utan ein god porsjon god feitt, er ikkje noko å servere. Pistrete og skrinnt sauekjøt må ein altså for all del halde seg langt unna her på garden.

 Alt var altså meir eller mindre klart for at høgtida kunne nytast, men ein ting gjenstod. Julelysa! Uffa! Kvart eit einaste år var det eit helsikes styr! Sjølv synes eg det var nydeleg med litt ekstra lys ute, men Odelsgut meinte det var sløsing med straum og trakk sjølvsagt fram dinna forbanna globale miljøpolitikken nok ein gong. Kan vi ikkje for ein gongs skuld ha litt ekstra, vi og? spurde eg ein søndagsmorgon. Det var fyrste i advent, og vi hadde nett kveikja adventslyset. Ja, eg må nesten få presentere den utruleg flotte ideen om adventslys, for Odelsgut og eg har i ei årrekkje hatt berre eit lys. Vi skriv 1, 2, 3 og 4 nedover på lyset, og så brenn vi ein liten del kvar veke. På denne måten varer ein pakke med lilla lys i åresvis. Men attende til utelysa. Vi har som sagt ikkje mykje, less is more, som guten seier. Der er vi altså sterkt usamde. I år hadde eg bestemt meg for å vise kor fint det kunne vere med litt ekstra lys ute i den elles så myrke adventstida. I tillegg hadde vêrane hatt problem med å prestere, for å seie det slik, og kanskje kunne litt ekstra lys hjelpe OddGut og Balder i arbeidet. I "Den store saueboka" hadde eg nemeleg lese at sauene reagerer på både lyssetting og temperatur i høve til blesming, og det rann i meg at sannsynet for at dette også gjaldt vêrane, var godt over 50%.

Dagen etter hadde Odelsgut eit ærend i bya, og då måtte eg sprengjobbe for å få ordna alt før han kom heim. Han kom nok ikkje til å bruke dagen kjende eg han rett, for handel var ikkje det kjekkaste han visste, mildast tala. Å reise på handel ilag var eit tabubelagt emne i heimen, då tidlegare testturar til Moa før jul hadde hatt meir eller mindre tragiske utfall. Kva er det med mannfolk og Moa!!! hadde eg ropt til han i fortviling då han etter berre 7 timar hadde sett seg i bilen og proklamert at om eg ville bli med heim, var det berre å dra seg inn i bilen med ein steikje gong utan eit knyst. Augene var blodsprengde og nasebora vibrerte langt meir enn normalt. Håret stod til ein kant eller to, og han var lang bleikare enn julesnøen tilsa. Kva i pokker skal eg ha på meg julaftan! heiv eg i han. Etter råd frå systå var eg på kik etter ein nydeleg skotsruta silkekjole med stor raud sløyfe på stjerten. Ho hadde kome på besøk med Allers under armen og deisa biletet i kjøkenbordet. DEN! hadde ho ropa. Perfekt til deg! Ho hadde vore så stålsikker at eg berre måtte vere samd! Og kjolen var verkeleg nydeleg! Du trur ikkje at den store sløyfa vil gjere den elles så nette pæreræva mi litt større då? hadde eg spurt forsiktig. Systa sette augene i meg, og gjorde det soleklart kven som hadde mest greie på mote i familien. Summa summarum: Heile turen enda nesten med at eg måtte sove på sofaen, og etter dette,  hadde vi rett og slett reist på handel kvar for oss. 

Ha ein fin dag! ropte eg etter han idet han køyrde ut av tunet. Og husk kva eg ønskjer meg! la eg til. Her var det inga tid å miste. Eg heiv meg i arbeidskleda, og ned i potetkjellaren, der eg hadde gøymt alle ljosa. Endeleg skulle eg få vise naboen at vi kunne dette med julelys vi og. År etter år hadde eg gått og sett på dei opplyste husa og gremma meg over våre 5 enkle kvite lys rundt det vesle vindauget på ytterdøra. Det enkle er oftast det beste, hadde Odelsgut proklamert med stødig stemme, då eg i fjor hadde våga meg på eit framlegg om farga lys. Ha! tenkte eg, eg vonar dinna kolkjeften tek seg god tid. 

Eg jobba på spreng, og etter 5 og ein halv time var 50 000 julelys kome opp rundt heilt fjøset. Det var ikkje ein farge i verda som ikkje var representert i dei enorme rekkjene av ljos. Å, kor flott dette kjem til å bli! tenke eg og kjende at pulsen steig eit hakk eller ti. Då gjenstod berre tenninga av julefjøsen, tenkte eg opprømt. Eg kjende spælet dirra av forventing. Kva kom Odelen til å seie når han kom heim? Alle leidningane var kobla saman i eitt einaste stort strauminntak. I løynd hadde eg lurt meg ned til svigerfar og lagt opp straumen inn i kjellaren. Då slapp vi no å betale for gildet, og det var no trass alt for veirane si skuld. Her, sa eg til Odelsgut då han kom heim, du skal få æra! proklamerte eg med skjelvande røyst og ga han straumkontakta. Det var så vidt eg klarte å løfte den enorme kontakta. Kva i helsike har du gjort! Her er lys over alt! Forstår du konsekvensane! Veit du kor mykje straumen kostar?! Ro deg heilt steikje ned, sa eg, og forklarte det geniale straumavleiaroppsettet. Horre heite det for ei kveite! gliste Odelen og sette i straumen. I det same vart heile bygda mørklagd. Berre fjøsen vår lyste opp som ei stjerne i eit mørkt univers. Kor flott! ropa eg. Har du sett! Visste du at ein kan sjå den kinesiske muren frå verdsrommet! spurte eg med andakt. Og no kan ein sjå fjøsen vår og! Svigerfar var derimot ikkje nøgd med opplegget, særleg ikkje etter at han vekk rekninga frå Tussa. Men ein ting var i alle fall sikkert: Balder og Oddgut preserte meir og betre enn nokon veir her på garden før hadde gjort! 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits