Salets kvaler...

Nei, horre heite det! Er du steikje gala, kjerring! sa Odelsgut då eg sa til han at i år måtte vi ta turen til Moa på SAL. Har du tenkt å ta livet av meg? ropte han vidare. Eg hadde nemnt det for han ein fin dag i oktober, då tidlegare erfaring hadde vist at akkurat på dette området, trengde guten lang førebuingstid. Og etter fleire førjulsmareritt som går Charles Dickens ein høg gong, var det best å ha både ein plan a, b og c.  Eg skal kjøpe meg ny nattdress, sa eg over kaffikoppen og blunka kokett med auga, med glitter, la eg til og blunka endå meir. Og med innlagt hengjelås? repliserte Odelsgut med ein god porsjon ironi i den alltid så morgonharmoniske stemma. Du ser ut som ein mumie i dissa dressane, ein glittemumie, humra han. Eg kjende eg vart opptrekt av denne manglande forståinga for min dårlege blodsirkulasjon. Det er is-steikje-kaldt på soverommet! ropte eg. Du skal vere glad for at eg ikkje forlangar å ha ovn! Du ber om det! heldt eg fram.  Det er ikkje alle som er så varmblodige som du, som ligg oppå dyna i berre brellå, trass minusgrader! Det er no berre for deg å halde deg i aktivitet, sa Odelsgut og kika djupt over brilleglasa. Usja, svara eg, ein kan ikkje vere i aktivitet heile tida! Men, sa eg med tyngde og langt mildare stemme, aktivitetsnivået kjem heilt sikkert til å auke om vi reiser til Moa når salet startar i januar. 

3 veker etter var dette fortsatt eit nærmast tabubelagt emne. Kvifor kan du ikkje berre køyre sjølv, sa Odelsgut over taljen. Vi heldt på med kveldsfjøs som tok litt lenger tid enn vanleg, då saudene hadde brote seg ut, igjen. Fordi det er så mykje enklare når ein har ein sjåfør, sa eg, og heiv den siste jembra over i rette garden. Du veit kor hissig eg vert når eg køyrer i bya. Jau, guten måtte innrømme at han helst ikkje ville hente meg på Ålesund politistasjon fleire gonger. Og så er det no fole kjekt med  nokon som kan hjelpe meg å bære. Og du er no så sterk og mandig, sa eg og prøvde å ikkje leggje altfor mykje i orda. Her måtte ein trå varsamt fram. Systå hadde nemeleg forlangt å få sitje på, og korleis eg skulle få mannen med på noko slikt, visste eg ikkje. For ein gongs skuld var eg rett og slett rådalause. Du treng ikkje seie noko til han, sa systå, eg kan leggje meg bak i det enorme bagasjerommet under eit teppe eller to. Han kjem ikkje til å merke noko! Då kan vi gå på cafe og alt! ropa ho og klappa begeistra i hendene og fleikkja meir tenner enn ho hadde gjort på åresvis. Himmel! Korleis skulle dette gå? undra eg. På den andre side visste eg at om eg skulle finne meg eit lekkert antrekk til neste jul, måtte eg ha med meg frk. Sjanell. Du må for all del ikkje ha på deg parfyme, sa eg, då luktar han lunta med ein gong. Skal eg reise til bya utan å ha på med godlukt? pressa ho fram med munnen full av kald melkesjokolade. Ser han deg, må du gå heim, det veit du.

Odelsgut var ikkje i godlynne den januarmorgonen, trass i at eg hadde stått opp ekstra tidleg for å lage egg og bacon. I tillegg hadde han fått steikje mykje fint til jul, særleg glad hadde han blitt for den nye brukte forhaustaren eg hadde fått tak i nesten gratis nordom Syvdsneset.  Å, no må du sjå og smile litt! Du har no fått egg og bacon, og det er ikkje ein gong søndag! Vi var komne vel ut i bilen. Guten hadde heldigvis ikkje lagt merke til den store kulen i bagasjerommet, og systå hadde på si side vore flinke og ikkje smurt seg inn i parfyme. Eg kjenner meg dårleg, sa Odelsgut, og såg noko bleikgusten ut. Sikkert fordi du måtte ut i fjøsen i natt igjen, kvitra eg, og prøvde å spele normal. Det var ikkje enkelt å halde maska, for den svake eimen av parfyme trengde seg inn i nasebora som ei fluge i sterk motvind. I tillegg hadde guten bestemt seg for at her skulle det ikkje drontast, og systå, som låg under fleeceteppet, utan korkje sikringssele eller noko å ta tak i, byrja å kome med nokre rare lydar. Eg skrudde opp lyden på radioen. Andakta hadde nett starta. Det passar bra, tenkte eg, for når Odelsgut oppdagar at systå er med, treng ein verkeleg all den hjelp ein kan få. Det gjekk bra heilt til vi kom over toppen av Leikongeidet. Brems!! ropte eg, nokon hadde myst ei heil bråte med ved midt i vegbana.Odelsgut la seg på bremsa, og bylten bak i bilen kom med eit hult skrik følgd av eit ras av meir eller mindre stygge gloser. Kva i helsike!! ropte Odelen. Kva gjer ho her? Ditta trolle!  Er det ikkje gale nok at vi skal på Moa! spytta han ut. Å, no må du ikkje vere så negativ. Systå må vere med om eg skal finne meg eit fint juleantrekk. Og det er no det er billeg! Og kva seier du om eg spør om eg ser fin ut i noko? Ditta har ikkje eg greie på... eller du ser no fine ut i alt.... eller "nei, horre heite det for ei kveite". Usja! Inga hjelp å få! Systå er brutalt ærleg, og seier det slik det er. 

Den einaste som var godt fornøgde resten av turen, var ho som endeleg har fått sett seg i baksetet. Hatten var kome på plass, og kriseflaska med Chanel hadde minka betrakteleg. Fan for ei lukt, snerra Odelen, i det han burna inn på fergå. Eg går inn og får meg ei svele. Sitt for Guds skuld i bilen og opne vindauget! sa han og forsvann. Å, kor uhøfleg han kan vere! Eg forstår ikkje at du orkar! kom det frå baksetet! Å, tei di! sa eg. 

Berre synet av Moa sendte Odelen inn i eit svettebrot få har opplevd før han. Det var folk overalt, og det var berre med naud og neppe vi fann ein stad å parkere. Herregud! Eg går ikkje inn! Du får gå inn aleine, ropte han. Dra deg ut av bilen! Kor gale kan det vere? Berre følg etter oss! sa eg, og prøvde å vere så roleg som muleg. Eg var fortsatt opptrekt etter idioten som sneik seg framføre oss i rundkøyringa. Odelen lunka ut av bilen og følgde etter med tunge steg. Inne var det fullstendig kaos og proppfullt av galne menneske som skulle kjøpe alt dei ikkje trengde til halv pris. Systå flagra frå stasjon til stasjon og trakk med seg det eine plagget etter det andre, medan eg sjølv ikkje fann noko eg likte. Systå hadde derimot ikkje noko problem med å finne til meg og, og stakkars Odelsgut som til slutt hadde posar over heile seg,  bar tyngre enn ein gamp i London på 1700-talet. Berre tenk på at vi skal på Kjøpet etterpå! ropte eg over skuldra. Det gjekk eigentleg forbausande bra, og eg var rett og slett optimistisk, men så såg eg i augekroken at systå bråbremsa attmed eit dressmannstativ og såg skarpt på mannen. Nei, og nei! Ho måtte for Guds skuld ikkje prøve å prakke noko styr inn på Odelsgut!  Eg snudde meg som i sakte film og vifta skrekkslagen med armane. Men for seint! Odelsgut hadde allereie deisa alle nellikane ned i golvet med eit brak, og raudleten med sveitten rennande i strie straumar frå hårrøtene, marsjerte han mot utgangen. Din domort! ropte systå etter han. Kunne du ikkje trenge noko elegant?! Det siste vi høyrde i det han forsvann i folkehavet var noko med eit helsikes utyske og buss. 

Vi måtte altså nøye oss med offentleg transport for å kome oss heim, noko både Odelsgut og systå var godt nøgde med. Eg derimot fekk med dette ikkje ta turen til Kjøpet, som var nærmast krise, då eg sårt trengde både ny høygaffel og ikkje minst spenol. Men glitterkosedress fekk eg tak i. Og den skulle på, allereie i kveld. Og dinna hyselesten skulle i alle fall ta seg fan på at den glitrande solstrålen på venstre side i senga, skulle ha ei odelsfelle eller to på lur for å stoppe alle forsøk på invadeiring.

4 kommentarer

Veslemøy Ervik

06.01.2013 kl.12:00

Ja sånn æ dæ:)

Gardakjerring

06.01.2013 kl.12:13

UFFA!

Lena

10.01.2013 kl.21:00

Rasande god! Og eg ser dåkke so inderleg vel føre mej! :-)

15.03.2013 kl.21:57

Kjempebra

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits