Opp-pussing

Det var ein nydeleg morgon i januar. Ute var det bikkjekaldt, og utan ull frå topp til tå kunne ein lett fryse ta si både vylå og andre meir eller mindre sentrale delar av skrotten. Trass i global tenking i heimen, måtte vi til og med stille opp varmepumpa eit hakk, og fyrbøtaren attmed frukostbordet hadde ei djup rynke mellom bryna då han nett hadde lest av straummålaren.

Eg veit korleis vi kan få ned straumbruken, sa eg og prøvde med det eg hadde å ha ein klang i stemma som indikerte at eg nett no hadde fått ein fantastisk ide. Eg hadde nemeleg lyst til å pusse litt opp inn i bestestova. Å pusse opp var eit sensitivt emne. Odelsgut likar at ting er slik dei alltid har vore, og ser sjeldan poenget med endringar i det heile. Eg derimot, likar å fornye litt, men for å få det til må eg altså bruke alt eg har av psykologiske og paranormale evner. 

Odelsgut såg på meg over brilleglasa, glidelåsen på nattdressen hadde forlete halsgropa og var på veg nedom kragebeinet og eg flekkja tenner med det eg hadde. Han ana nok at noko var i emning, men tenkte vel å nyte godt av ei ettergivande og milde kjerring denne januarmorgonen. Om vi tek vekk veggen mellom bestestova og kvardagsstova får vi mykje meir nytte av pumpa! sa eg med ein dramatisk gest. Då kan vi samstundes nytte høvet til å pusse litt opp og få vekk dinna grufulle brystningspanelen. Pusse opp! ropte Odelsgut. Kva i svarten skal vi pusse opp for? Er det ikkje bra nok til di? Heitedet, also, her la han far brystpanel for ein million snart, og dette praktverket vil du fjerne? Eg kjende eg vart lettare irritert over denne rigide haldninga til endring. Helsikes brystningspanel, heiv eg i han. Kva i pokker er vitsen med ein halve vegg!! Det ser no fan brette meg ut som om nokon har gått berserk med ei motorsag og kutta alle romma i dette huset i to. Alle romma!!! Fysj! Eg trekte glidelåsen på den magentafarga kasjmirpysjen godt opp i halsen. Brystpanelen er nydeleg den, messa han vidare, og har du forresten tenkt på kva det vil koste? Det hadde eg sjølvsagt, og la fram eit fullstendig rekneskap, med momskolonne og renteavrekning, om det skulle vise seg at det var nødvendig å ta opp lån. Lån!!! Kan du ikkje like godt ta lommeboka mi og kaste ho i ovnen! ropte Odelsgut dramatisk og gestikulerte kraftig med armane, er du klar over kva for rente dissa hondane teke!? Eg blikte han under høge augebryn, og peikte lettare overlegent på rentekolonna. Gløym det! fresa han. Ein eggebit flaug lett forbi nasetippen min og landa med stor eleganse på rekneskapsarket eg hadde framføre meg. No vart eg eitrande sint. Du skal no alltid vere så vanskeleg, ditt tykje!! Helsikes bolebrosme! Det er det du er! Ei bolebrosme som berre er glad i brystpanel og ikkje tenkjer på den mentale helsa til kjerringa si!! Desse orda vart understreka med ein dramatisk sorti og eg gjekk lukt i kjellaren, tok på meg arbeidsklede for å kome meg ut i kjølda.

Eg hadde så vidt kome meg inn i fjøsen, då eg høyrde ei forbøvlege banking frå heimen. Kva i svarten! tenkte eg og sprang opp på verandaen. Gjennom det rimfrosne glaset såg eg ein stor skugge dryla rundt i stova med ei slegge i den eine handa og ein hammar i hi. Nei, og nei! No har det rabla! Men sakte seig det inn at det var brystningspanelet som fekk den harde medfarta og eg kjende eit blaff av pur lukke.

Elskling!! ropte eg, og heiv meg kring halsen på han. Du er den beste mannen ei kjerring kan få!! Ro deg heilt steikje ned, svara Odelsgut mellom sleggjeslaga og var altfor oppteken med å få ned dinna helsikes panelen for å sleppe all framtidig gneldring, som han sa, til å leggje merke til sleskinga eg prøvde meg på.

Sjølv synes eg det var fantastisk, og jobba så sveitten rann i strie straumar nedover den Strakofakledde kroppen min. Veggen mellom kvardagsstova og bestestova hadde irritert meg lenge, og i løynd hadde eg planlagt å rive heile pokkerskapet. Eg hadde difor retorikken steikje klar, og uansett korleis han vreid på det, kom eit godt gjennomtenkt motsvar.  Det er vel ikkje berevegg? mumla odelen med spiker i munnen og med eit godt grep om den minste motorsaga. Nei, det er det no vel ikkje! Det er tverrveggane det! svara eg, og var nesten sikker i mi sak. Eg hadde dessutan snakka med svigerfar om saka, som hadde forsikra meg om at akkurat denne kunne rivast utan problem. Og veggen fòr, og ei ny storstove openberra seg. Sjå kor fint det blir! ropa eg entusiastisk og klappa febrilsk. Jau, guten også måtte innrømme at det var ikkje estetikken det stod om.

Det dampa av det varme vatnet. Eg hadde brukt nesten alt badeskummet og senka skuldrane godt ned idet eg steig oppi og la meg til rette. Steikje godt, tenkte eg, let att auga og såg biletet av den flotte nye stova i tankane. Plutseleg byrja golvet og riste. Jordskjelv! ropa eg. Det knirka i veggar og golv og små flodbølgjer danna seg i det før så rolege badevatnet. Lyden vart sterkare og sterkare og bilete av katastrofe rann gjennom hovudet mitt fortare enn vatnet i Niagara. Hjelpe meg! Kanskje mayakalenderen stemte likevel! Brått kom eit kjempesmell og med det reiste både eg og badekaret lukt gjennom golvet. Håret mitt stod rett til vers og små, kremkvite dottar av badeskum virvla rundt i rommet som ein tornado. Odelsguuuut! ropa eg. Verda går under!! Apokalypsen er nær!! Både badekar, varmevatn og kjerring landa med eit brak på stovegolvet. Odelsgut stod rett ved sidan av med slegga i handa og stirra vekselvis på det store holet i taket og på kjerringa i badekaret med auge store som tinntallerkenar. Horreheitedet! Eg trur kanskje det var berevegg likevel, fekk han stotra fram idet den store såpebobla som lett og luftig hadde landa på odelsnasen, sprakk og tvinga augene saman i ei rad av ufrivillige krampetrekningar. Han var nok litt satt ut av synet framfør seg. Det er ikkje kvar dag tyngdekrafta kjem farande med eit badekar og eit skrekkslagent, skumbelagt kvinnfolk.

Taket vart reparert og for sikkerheits skuld sette vi inn ein enorm jarnbjelke for å hindre liknande ulukker i framtida. Men som Odelen seinare sa, var det no trass alt bra at det ikkje var undergongen, men berre ei litt for tunge kjerring, som fekk badekaret til å dundre gjennom golvet. 

 

 

 

 

14 kommentarer

Silje

18.01.2013 kl.22:02

Fantastisk!!!!!!!!!!:) ser ditte heilt levandes føre mej og helde rett og slett på å le mej halvt ihjel!!!!!!!;)

Gardakjerring

18.01.2013 kl.23:58

Silje: set stor pris på kjekke tilbakemeldingar:-)

Kari Iren Sandvik

18.01.2013 kl.23:58

Fekk meg ein god latter her :)

Gardakjerring

19.01.2013 kl.00:01

Takker:-))

Trond Hjertø

19.01.2013 kl.02:12

Veikje heilt ej... He no igrunnen alltid likt brystningspanel.... :D

Kari Heimlid

19.01.2013 kl.12:01

Dette er det beste eg har lese på mange mange år. Såg det heile for meg, skratta så eg klarte mest ikkje lesa

19.01.2013 kl.12:19

Kjempebra innlegg du har.Flira godt her eg site å lese :)

Gardakjerring

19.01.2013 kl.12:26

Takk! Kjekt at du ler i slik ei alvorsstund;-)

Gardakjerring

19.01.2013 kl.12:26

Takk! Visualisering er viktig:-)

Gardakjerring

19.01.2013 kl.18:13

Trond Hjertø: Som alle andre hyselesta;-)

25.01.2013 kl.19:52

steikje bra. Lo so elstemann blei heil forstyrra. Skriv gjerne mykje meir.

bente rodt

25.01.2013 kl.20:17

du e kje sanne, trur ej må lese høgt te nå far...

Gardakjerring

25.01.2013 kl.22:17

bente rodt: Det synst ej du skal gjere::-) Vonar han får seg ein god latter;-))

Gardakjerring

25.01.2013 kl.22:18

Anonym: :-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits