Den nye forhaustaren 2

For ei tid tilbake hadde eg ei lei strid med Kjøpet grunna ein kjeldress som rett og slett sprakk i saumen då eg skulle klatre over ein av gardane i fjøsen. Hadde det ikkje vore for Odelsgut som hegna meg, hadde eg mest truleg fått eit blidt eller ublidt møte med glattcella på Vanylven lensmannskontor. Eg fekk meg eit vekkar då Marja kom på vitjing ein søndagsmorgon, og etter dette roa ting seg ned og i det siste har eg faktisk sluppe å sende Odelsgut i naudsynte ærend, men teke turen sjølv. Det hadde også hjulpe med dei 10 timane i "anger management" som marja kalla det, der eg hadde lært både det eine og hitt om korleis ein kan takle dette med å eksplodeire, for å seie det på godt norsk.

Dette er  ikkje berre enkelt sjølvsagt, og har mang ein gong blitt sett på prøve. Då vi slo inn hoa i haust, skjedde det noko svært så dramatisk. Augene mine stod så vidt på gløtt, og meir eller mindre i søvne stod eg med kaffikjelen i handa. Plutseleg kom der ein smell, og klok av tidlegare erfaring, datt eg som ei kvinneleg utgåve av James Bond, rett i kommandostilling på kjøkkengolvet. Vindaugsrutene dirra, og tankane mine datt på Krakatau og andre høge smellar i historia. Odelsgut var nesten ferdig med å slå, og hadde berre nokre få kvadrat av myra att, då han kom til å køyre på ein forbøvlege stein. Steinen vart fanga av knivane, og ført oppover, og stansa i tuten. Guten sjølv var godt vande med friksjon, og merka inkje. Dei lilla øyreklokkene heldt urokkjeleg fram ferda på myra. Eg kika forsiktig over karmen på karnappet. Den enorme steinen i tuten på forhaustaren kunne godt sjåast med det blotte auget. Kva i helsike er det han tenkjer på?!! Eg skulle akkurat til å hive på meg støvlane, då eg såg svigerfar kome springande mot traktoren med armar som gestikulerte kraftig. Aldri hadde eg trudd at ein mann i ein så pass halden alder kunne springe så fort. Gamle bilete frå sportsrevyen og Carl Lewis sine glansdagar, flimra framføre auga mine. For skrittlengda svigerfar no presterte overgjekk det meste.

Det var berre nokre få meter att, og det såg verkeleg ut til å gå bra, då heile fanskapen starta å dirre faretruande. Det var nok litt mykje frisjoneiring, sjølv for ein garva gardsdreng, og i siste liten reiv Guten av seg øyreklokkene, fekk opna døra på gamleforden og stupte ut på atleget. Begge karane kom seg heldigvis i dekning før heile sjiten eksploderte. Steinen skaut fart, og eg såg kor svigerfar løfta blikket og følgde han med auga, og  i kroken kunne eg sjå kor begge to planta henda på hovuda samstundes, for steinen landa rett i skorsteinen til svigermor. Heitedet! Ditta vert ikkje enkelt å få opp att, tenkte eg medan bilete av svigerfar som vert heist ned i skorsteinen i eit ikkje altfor nytt tau, svirra i hovudet.

Delane av forhaustaren plukka vi opp i ein radius på minst 500 meter, og tuten øvst oppe reiste lukt ned i pipa til naboen, som fekk fanskapet sprengt gjennom kamindøra og ut på stovegolvet. Heitedet for eit liv! Det var så gale, at Odelsgut og eg fann det best å invitere til lag med heilsteikt sau. Takk og lov for den nye gassgrillen Odelsgut hadde fått tak i på Kjøpet! Svarte-Guri hadde uansett hatt jurbetennelse heile sommaren, og kunne utan store samvitsnag ofrast for godt naboskap. 

 Etter mange timars skruing og sveising, måtte vi berre krype til korset og innsjå at vi måtte invistere i ein  ny forhaustar. Det var i dette ærendet eg reiste til Kjøpet denne fredagsmorgonen i februar. Rett nok var det lenge til slåtten, men det gjaldt å vere godt budd, og i tillegg hadde eg ei formeining om at det for pokker måtte vere rimelegare med slikt utstyr midtvinters, enn i mai når alle var på utkik etter slike varer. Eg kom traltande i gamleforden. Det var slik ein vakker vinterdag, snøen hang i tunge lag på trea, og kjøtmeiser og dompappar kvitta ivrig i det store neket som var hengt opp utanfor butikken. Kva tek du for forhaustarane dine?spurde eg ivrig, og prøvde å vere milde i stemma trass den leie halskatarren. Det svartna for auga når eg høyrde blodsummen dinna brugda bak disken fekk utå seg. All anger-psykologien, alle yogaøvingane vart på eit lite sekund blese ut or skallen. Kva i helsike er det du seier!!! Eg trur du har gått frå vetet, mann! første eg, så små bitar av aniskringle med meierismør landa lett på den nette, grøne kjeledressen framføre meg. Har du noko i normal prisklasse? Då mannen kom dragande med ein stuttorv, var eg steikje forbanna, rett og slett. Til helsike med heile anger-managementet! ropte eg, og tok eit godt tak i disken. Det var på tide å vise mannen kva eg meinte om både han og blodprisane hans. Men akkurat i det eg fekk ein av dei nette korte føtene mine i hovudhøgde og opp på disken, kjende eg det revna i jølet. 

Lyden då det revna var øyredøyvande og avslørande, og i den pinlege stilla som følgde, innsåg eg at det ikkje vart ny forhaustar denne dagen. Mannen bak disken såg djupt prega ut, og eg kunne formeleg sjå rynkene kor dei gjorde djupe hogg i andletet medan eg låg der i hjelpeløysa. Det var nesten slik at eg fekk medkjensle, han hadde trass alt ikkje berre gode erfaringar med min milde person frå før. Med halen bokstavleg tala mellom klauene, putra eg heimover i djup vonbrot over tapte horisontar. Men det skulle vise seg at Shang-ri-la likevel var innan rekkjevidde!! Odelsgut, omtenksam som han er, heiv seg rundt, og nokre få telefonsamtalar seinare, var forhaustaren i hus. Takk og lov for rovdestrandingane, sa eg seint ein kveld over eit glas godt varma råmjølk. Dei veit verkeleg å redde ei gardakjerring i naud!

Én kommentar

Hans

28.11.2013 kl.12:01

Fantastikt. Kjenner meg igjen i mykje du skriv. eg ser føre meg episodene i ånda.

Ventar i andelaus spaning på neste innlegg.

Bloggen din e ein skikkleg opptur.

Gardakjerring

30.11.2013 kl.10:06

Hans: Takkar:-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits