Frosne rundballjar og anna ballj...

I fjor vinter hadde det vore noko so inn i hånå kaldt. Så kaldt hadde det vore at ein av naboane endå til måtte på sjukehus grunna forfrysning i ytste endetarmen, og han måtte rett og slett amputere heile driten (bokstavleg tala). Endåtil Odelsgut fann fram pysjamasen frå inste skapet, noko som er nokså uvanleg då han plar leggje seg opp på dyna i berre brellå medan han klagar på kor varmt det er. Nokre gonger har eg i løynd og rein fortviling late att vindauget, men dette vert raskt oppdaga og til gjengjeld vert gluggane sett på vid gap - trass i at han godt og vel er klar over at eg då må pakke på meg så mykje kle at han må bruke skjerebrennar for å få landingsløyve. Det ville ha vore enklare for Bin Laden å få Green Card, enn å få passet sitt godkjend her i garden, brumma Guten i rein fortviling ein kveld.  Diskusjonen utvikla seg raskt i feil retning, og flygeleiaren ga ikkje grønt lys denne kvelden, for å seie det slik!

I fjøsen gjorde kulden sitt til at arbeidet vart vanskelegare, og rundballane mellom anna, var så frosne at vi måtte ty til små sprengladningar for å få delt opp siloen. Steik kor kaldt det er, jamra eg. Eg har på meg 3 lag med ull, men minusgradene bit seg jamt og trutt gjennom alle laga og endar til slutt som frostroser "on my sensitive skin". Takk og lov, for spenolen! Varmt er det ikkje, medga Odelsgut, medan han laga små fine røykringar av den varme pusten. Vi låg og venta på at lunta skulle kome fram til den vesle sprengladninga, det tok si tid, men som Odelsgut sa, var det vel best å liggje litt på avstand. Men det er no ikkje altfor gale! Det er vel verst for deg med di sirkuleiring, la han til i det det kom ein dump lyd som tydde at rundballen delte seg i 6 delar. Å, tenk om vi kunne hatt varme her i fjøsen! sa eg nærmast til meg sjølv. Er du steikje gala! Sauene ville ha kjurkna! Og lamminga! Nei, då hadde det gått til hondane med heile drifta, og berre tenk på dei enorme økonomiske bakdelane, la ha til i det han forsvann inn til oksane med det fyrste lasset for kvelden. Hmpf! fnyste eg. Han skulle no alltid vere så negativ til mine praktiske forslag. Balder såg olmt på meg idet eg nærma meg med maten. Berre ro deg heilt steikje ned, sa eg, medan den frosne klumpen med silo landa framfør veiren med eit brak. Balder svara med å kvitte seg med gårsdagens måltid på ein lite indiskret måte, før han jafsa i seg dei frosne silobitane.

Brått stod Odelsgut framføre meg, han var bleikgusten og eg såg kor den jamne ellers så rosafriske odelshuda nuppa seg frå topp til tå. Å, nei! ropa eg fortvila. Svineinfluensa er komen til gards! Juhu! Høyrde vi med eitt frå tunet! Er du heime, systå!! Ikkje svineinfluensa, nei, sa Odelsgut og lempa seg med tunge steg inn att i oksefjøsen, eit mykje meir langvarig virus, la han til. Eg vil heller skufle møk bak oksane, jamra han tungt vidare.

Systå var strålande fresh som vanleg. Ho hadde nett fått tak i ei fjørbelagt ullkåpe med fuskpelskant både oppe og nede. Støvlettane hadde moteriktig kilehel, også dei med ein enorm pelskant. Trass i ein god nordavindkuling, heldt høgda på frisyra seg umåtleg bra, og eg sende nokre trøystande tankar til ozonlaget som tydeleg var skadelidande til fordel for systå si frisyre. Svigerfar kom luskande forbi, og klarte ikkje å halde seg: Hjelp! Ein indianar!! ropa han, og knegga. Steikje bra kamuflasje, du! Gratuleire! Pass deg så ikkje ein av dei skyteglade jegerane trur du er ein tiur! Systå målte han frå topp til tå. Du og fjøskleda dina kan halde godt kjeft! Du kjem aldri til å ha på deg noko som nærmar seg stilig! Synes du ikkje eg er stiling? repliserte svigerfar og gestikulerte med armane. Vil du ha di ein klem? sa han og kom mot henne med opne armar. Systå treiv nærmaste høygaffel og vifta kraftig. Hald deg unna! Eg skal ikkje ha fjøslukt på designerkåpa! Det er Donna Karan!! Er du klar over kva denne kosta? Svigerfar skratta seg vidare, og systå heiv frå seg reiskapen med eit fresande usj.

Åh, eg forstår ikkje at du orkar å leve i denne lukta!! fnøys ho vidare, medan ho strena opp trappa for å gå inn på kjøkenet. Eg vart ståande litt tafatt att på tunet, og lurte på om eg skulle gå inn og hjelpe Odelsgut med fjøsstellet, eller om eg skulle lunte etter syster mi. Få no ræva di inn, for helsike! kom det frå pelsdronninga på trappa. Kan ikkje dinna sardinen gjere fjøsen sjølv for ein gong skuld! Sjå på huda di! ropte ho vidare. Opptorka! Snart heilt øydelagd av kulde! Du må bruke creeim! Trur du ikkje eg prøver! Eg har no fått ei stor flaske spenol til jul! Men det er lite hjelp i! jamra eg vidare. Eg har akkurat sagt til Odelsgut at vi skulle hatt varmeanlegg i fjøsen, men det er nok berre ein fjern utopi!

For eit samantreff! ropte systå og klappa begeistra med luffane. Sjå reklama frå Kjøpet! Og der banka det mot meg. Eit varmesystem for fjøs! Komplett med fjernregulator og sjølvstraumforsynande flatpakka vindmølle. Horre steik! Dette hadde vore noko for det frosne spælet mitt, sa eg ekstatisk. Men ein treng ikkje kjøpe! Ei vindmølle kan vel alle klare å lage! 

Akk og ve! jamra Guten. Eg vert ruinerte! Er du klar over kva det kjem til å koste!!!?? Koste! ropte eg. Sjå på huda mi!! Eg ser meir ut som ei hundre år gammal gråkveite! Eg vert så inntorka av kulden at eg snart ikkje klare å røre på meg! Guten sende meg eit blikk som budga taktikkendring. Åh! braut eg ut, medan eg nesten klarte å presse ei tåre fram i augekroken, tenkjer du ikkje på huda til kjerringa di? Vil du eg skal torke inn som juleribba som heng på loftet? Ribba torkar no aldri likevel, så då er det inga fare! humra Guten. Og steikje god vert ho likevel, kverrulerte han vidare. Eg kjende sinnet rann i meg. Fan, altså! Han var meir som ein godt trotna færing! Her var det skot alle vegar! Ikkje fan om det gjekk inn! Greitt, tenkte eg, her var det berre eitt å gjere!

Seinare den kvelden tok eg på meg min finaste pysj i kvit chenille med sølvtrådar veva inn i stoffet. Ein flott fjørkrage gjorde sitt til at det heilskaplege resultatet vart fantastisk. Dei gullfarga bestehårrullane var på plass og Guten sjølv hadde nok registrert at kjerringa var mistenksamt mild denne kvelden. Eg går og legg meg! ropte eg med mi mjuke, rue røyst, som var lett prega av den langvarige kulden. Ikkje noko sopranstemme her i garden, med andre ord! Eg gjekk opp trappene med lette skritt, og noterte meg at Odelsgut hadde høyrt undertonen i stemma, og var allereie i gang med tannpussen. Soverommet var som vanleg is-steikje-kaldt, men det måtte gjerast. Odelen kom med lette trinn opp trappa medan han av ein eller annan grunn nynna "love me tender". Så forbanna passande, tenkte eg. 

Hylet frå senga var nesten umenneskeleg. Som ei gaupe i flukt, ein skadeskoten olv. Kva i helsike! Lyset kom på og Odelsgut var kvitare enn frostrimen på ruta. Eg treiv dei to iskalde lammeribbene eg hadde lagt i senga og marsjerte ut. Likte du ikkje å ta på huda mi? ropte eg. Det er slik ho kjem til å bli, om du ikkje snart tek meir omsyn! Ei kvit fjør frå pysjen virvla opp i lufta og landa på stakkars Odelsgut, som var rett prega av den traumatiske hendinga. 

 

Det vart likevel ikkje varmeanlegg korkje på meg eller Balder, men Odelsgut gjorde opp for seg med å kjøpe eit kilo med Muddy Buddy salve på felleskjopet.no. Og sjølv om odøren reiv godt i nasa, vart kjerringa både mjuk og glatt, meinte ein godt nøgd Gut.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits