Bursdagsgåva

 


Her ein dag, ein laurdag vi gjorde morgonfjøs, såg eg kokett over saudegarden på han som stod og reingjorde baki. Uff! sa eg. Eg kjenner meg så stiv og støl etter heile nyårsfeiringa. Guten sjølv hadde litt dårleg samvit for nyårssmellen, og meinte vel at han burde ha vore clairevoyant nok til å sjå at ditta vimehovudet av ei kjerring, til slutt ville komme til å danse fugledansen høgt der oppe. I tillegg hadde eg ved fleire høve referert til hendinga som mordforsøk, noko som ikkje gjorde saka betre. Odelsgut rynka bryna og  trampa på driten framføre seg med ekstra fråspark slik at han endeleg kunne sleppe taket i strekkmetallet, og reise ned dit han høyrde heime.

Det hadde no vore godt med ein spa-weekend, hadde det ikkje? sa eg søtt.  Litt gjørmebad, kanskje få seg litt slik spay-on-tan. Odelsgut såg tungt over brillene. Spray-on-tan, for helsike! Han skulle til å halde fram med ei tirade, det såg eg, men vart meir oppteken av gjeremålet. Eg trur vi må gi ho Anastasia litt mindre mjøl, driten er no som jarnkuler! Sveitten rann nedover panna og forsvann ned i kjeledressens mulm og mørke, og fann kanskje ein fast bopel i ei av dei mange hårrøtene på den pelskledde skrotten.  Har du noko ønskje i høve bursdagen din, kjære?? Eg hadde lyst å ta ein tur på spa, og hadde vel von om å leie tankane til Guten i den retning eg sjølv såg. Auga mine flagra hardare enn vingane til ein knott i sterk motvind, men desse iherdige forsøka på koketteri, vart totalt ignorert av røktaren sjølv. 

Spørsmålet vart gjenteke same kveld, over ein kopp varm kakao. Eg prøvde med det eg hadde å få han til å komme på at det kanskje hadde vore ei flott bursdagsgåve, dette med å reise vekk i ein dag eller to. Forslaget måtte likevel fremjast med varsemd, då han hadde hatt ei frykteleg skrekkoppleving med ei ansiktsmaske for eit par år sidan. Eg hadde kjøpt leiremaska på haustmarknaden på Bryggja, og seljaren hadde sagt at om ein ville ha babyhud, var dette «it». Eit meir djuptreinsande produkt fann ein neppe andre stader. Eg var rask å smørje andletet til guten, men då maska stivna, klarte han eingong ikkje å lee på munnen, ja, han klarte knapt å snu seg. Tragisk nok stivna maska akkurat idet han gapte opp for å ta seg ein leiv av spekekjøtlåret som heng på kjøkenet, og stakkars Odelsgut klarte ikkje å late att munnen. Eg var rask å fann fram ein fuktig klut, men fanskapet ville ikkje sleppe taket, og den siste biten med blåleire måtte rett og slett kirurgisk fjernast frå nasetippen og haka til stakkars Odelsgut. Summa summarum: Odelsgut var skeptisk til spa.

Eg har no vel for svarten anna å bruke pengar på! ropte han med ein slik intesitet at bøgjer av monsunregn kom farande mot meg som ein romjulsorkan. Eg kunne ha vandra i Sahara i vekesvis utan å bli like steikje raudleten som eg vart den gongen! Endå til sauene var redde! Åh, du skal no alltid vere så dramatisk! Rett nok  reinsa  "claymask, for deep, deep, cleansing"  ørlite djupare enn det eg trudde, men kjenn på Odelshuda no! Silkeglatt! Ikkje ein pore og spore!  Odelsgut sende meg blikket over brillekanten, som fortalde meg at tanken om spa var like fjern som ein ny handletur. Det var no pokker og! tenkte eg. Kunne han ikkje ha treng litt bronsefarge på skrotten, dinna kveitå?

Bak fjøsen er det skikkeleg gjørmete, særleg om vinteren. Den nødvendige traktorkøyringa mellom barken og veden gjer sitt til at ein må ha vadare på føtene om ei skal gå der. Gjørme er gjørme, og kvifor batale i dyre dommar når ein hadde tilgang til råvarene heilt steikje gratis?  No var det sjølvsagt for kaldt til at ein kunne bade i gjørma ute, så eg måtte på ein eller annan måte få ho i hus. Når eg sette meg noko føre, er eg meir som ei amasone, og fleire hundretals kilo med kvalitetsgjørme vart trilla inn på badet og lukt opp i stampen eg hadde kjøpt på ein loppemarknad for nokre år sidan, nett for slike høve. Rundballeplast var lagt i botnen for å hindre lekkasje, og rundt kantane hadde eg lagt gul formjølsstrie og festa det godt med gaffatape.  Det lukta rammare enn eg trudde, men heldigvis har eg ein del gamle parfymeflasker liggjande, og for ein gongs skuld kunne eg dra nytte av opiumsflaska som hadde stått meir til pynt enn nytte i badehylla. Det kunne vel ha gjort seg med eit par dråpar brunstlukt også, tenkte eg optimistisk, og tømde like godt resten av flaska oppi i lag med parfymen. Dette skulle bli lekkert! Badedrakta var svart og kvit, og hadde ein stor panda på framsida. Bak var der ein flott pelsdott- som skulle forestille pandahalen, og alt det svarte var dekt av paljettar. Ho hadde vore på tilbod i Ellos, og eg hadde kjøpt henne i høve haustferien då vi hadde vore på badeland på Gol. Det var sjølvsagt systra mi som hadde funne fram denne skatten av badety. 

På loftet fann eg det gamle solariet. Det vart kjøpt inn ein gong på 80 -talet, då alle hadde solarium i kjellaren. Det var noko svake lysrør, men ingenting som ikkje kunne fiksast. Det var nok av høgfjellslysrør på Ebay, og eg kjøpte dei ekstra sterke for å vere på den sikre sida. Alle veit at produktinformasjonen til seljarar alltid er overdriven, og ein må rekne ein god del ekstra for å få  det slik ein har tenkt. Røra hadde kome i posten for eit par dagar sidan, og i løynd hadde eg innstallert dei over dusjen. På den måten kunne ein slå to fluger i ein smekk, som ein seier, og trengde ikkje kaste vekk verdifull arbeidstid på å liggje på ei seng for å bli brun. Å, kor eg gledde meg til å få ei bronsebrun Odelsgut!!! Eg kunne nesten ikkje vente! Men som sagt, peeling var mest viktig, og etter gjørmebadet, var ein dusj både påkrevd og ønska.

Brått høyrde eg eit høglytt JUHUUU! Følgt av eit meir grovlete: Er det nokon heime??! Fan for ei lukt! Det var systå som gjorde sin ankomst. Eg keik ut og vart nesten blenda av den neongule påskekåpa med pelskant ho hadde fått tak i høve høgtida vi nett hadde feira. Svigerfar meinte ho såg ut som ein gigantisk påskekalkun, og at ho burde passe seg så ikkje ein av dei skyteglade jegerane lenger framme på atlege fekk hug til å streife henne med eit hagl eller ti. Systå sveid han av med blikket før ho og kalkunen gjekk med faste steg mot trappa. Kvar er svogeren mi?? Tek han ikkje imot når han har dag, dinna kveitå? Kva i helsike er det du driv med, du då? Dei gule fjøra dansa rundt den flotte sveisen i det ho sleit av seg dei knehøge gule skinnstøvlettane. Kva i fan er den lukta? Ho kika mistenksamt på meg. Eg prøvde febrilsk å kome på ei unnskuldning, men for seint. Labradornasen til systa hadde for lengst registrert at her var det snakk om gjørmebad, og som ein reinkarnasjon av Speedy Gonzales, heiv ho på seg kleda, spurta opp att og kom dessverre nedatt, raudleta og nesten utan pust. Ho vifta febrilsk med ein svær tøyleiv som viste seg å vere badedrakt. Nei, å nei! Kor skal dette gå?? tenkte eg fortvila. Kva for bursdagfeiring vert dette for stakkars Odelsgut? Å få systå ut døra før ho hadde fått prøvd badet, visste eg var umuleg, ein laut håpe på at det heilt gjekk fort, og at Guten sjølv brukte lang tid på Kjøpet. Her var det berre å få på seg spa-antrekket og hoppe i gjørmebadet. Systå hadde også kjøpt seg pandabadedrakt med paljettar, men hennar var i raudt og kvitt, litt meir stail, veit du, kvitra ho. Å, kvifor har du ikkje kome på dette før? Fantastisk for huda! babla ho vidare. Du har no den bøffelhuda av all fjøsgåinga, så du må no smøre deg godt inn i andletet og!  Her var det best å følgje ordre, tenkte eg, og håpte at Odelsgut lot vente på seg. 

 Men, akk, nokre gonger lever skjebnen sitt eige liv. Stakkars Odelsgut var rask i ærendet sitt denne dagen. I uvissa tralla han heimover i gamleforden, lukkeleg, med draumen om den store gelekaka som venta i kjøleskapet heime, samt ei gåve eller ti frå ei kjekke kjærring. Tankane kom kanskje borti trua på at chenilledressen ikkje var så vanskeleg å opne for ein glade bursdagsgut. Lett på tå dansa han inni gangen og ropte med lette røyst: Er du heime? Bursdagsguten din er komen!! Nei, å nei, tenkte eg. I panikken treiv eg systå i håret og dukka ho ned i gjørmebadet. Kvar er ho!! ropte Odelsgut, då han kom inn badedøre, og kva i helsike er den dritlukta!! Kvar er ho? gjentok han. Eg kjenner symptoma på kroppen. Spanskesjuka! Men orda sette seg fast i halsen då han såg meg dekka av gjørme i badekaret. Berre kvita i auga viste, og uttrykket til Guten bar tydleg preg av at det ikkje var akkurat dette han hadde sett føre seg i traktoren på vegen heim. Men gale skulle bli verre, for systå som ikkje fekk puste, kom stigande opp frå gjørmeholet som trollet under brua, og ga meg ein drylar rundt kjeften. Prøve du å ta livet av meg, di sauderæv!! Synet av den enorme rennande leirklumpen, vart for mykje for stakkars Odelsgut, og i trua på at den utanomjordiske skapnaden prøvde å ta livet av kjerringa, tok han sleggja og sprang mot badekaret med eit skringane krigsbrøl. Golvet var fullt av leire og såpeglatt, og som i sakte film såg eg Odelen og sleggja segle mot gjørmebadet. Fan! tenkte eg. Dette går aldri vel! Eg klarte akkurat å hive meg til side før han landa i gjørma med eit brak. Stakkars systå vart slengt ut vindauget av trykkbølgja, og låg og kava på plenen rett framfor andletet til ein noko forskrekka nabo. Å, no kjenner eg meg betre, sa Odelen når han fekk summa seg. Så gjekk det bra til slutt, tenkte eg, og gjekk og henta gelekaka. Den raud-kvite pandaen ute fekk klare seg sjølv. Og som Odelsgut seinare sa, det kunne ha gått mykje verre. For kven veit kva utfallet hadde vore om han ikkje hadde glede på badegolvet. Og spabehandlinga etterpå, var slett ikkje verst, tykte ein prega, men fatta Gut.

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

39, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits