Det er altså så stekje gale!

Det startar alltid likeeins. Kvart eit einaste år. Den tome tæringshosten frå tunet i grisotta, ber bod om at lamminga er i kjømda. Svigerfar vert sjeldan stressa, men når det nærmar seg lamming, vert stressnivået så høgt, at stakkars svigerfar får ein grusom stresshoste kombinert med sterke asmatiske anfall. Men å legge seg føre ligg ikkje i kromosoma, og dei tuberkoløse lydane går i eitt med lyden av brækande smålam som står i matkø.

I år hadde svigerfar og Odelsgut sett seg føre at gardakjerringa skulle lære seg å ordne ut med lamminga, og for ei fiskardotter kunne dette by på meir enn ei utfordring. I starten ville eg ikkje, men då svigerfar ba meg finne båten og ro ut att dit eg kom frå, slik at han Odelsgut kunne finne seg ei kjerring som hadde greie på gardsdrift, vart eg sjølvsagt eitrande sint. Du er ikkje gardakjerring før du har hatt hendene opp i ræva på ein saud! ropte han.  Berre dra deg nedatt! Det kan no ikkje vere så forbanna vanskeleg! Du klarer det no! ropte eg etter han. Odelen rista på hovudet over denne nette ordleiken, og prøvde å trøste meg med at han hadde selt færingen. Men til inga nytte. Eg hadde bestemt meg: Han skulle pinadet få sjå at hadde fått eit skikkeleg emne på garden! Kjeften skulle stoppast ein gong for alle. Innst inne var eg vel ikkje altfor kjepphøg. Fan! Tenkte eg. Eg håper det ikkje er ho Store-Guri som skal lamme fyrst! Så lenge lamma kom rette vegen, var det ikkje noko problem, men om dei skulle kome med rævenden fyrst, eller berre med hovudet, måtte ein inn å snu eller få tak i føta, og dra dei ut.

Odelsgut hadde innstallert eit høgautomatisk alarm og kameraovervåkingssystem, med blodsensorar i alle strekkmetalla. I tillegg til dette hadde vi eit automatisk frådelingssystem, slik at ein mellomgarde vart senka frå taket ved den minste pip i alarmen. 28 små trådlause kamera var strategisk montert i alle krinkelkrokar, og det skulle godt gjerast for ein saud å lamme utan at systemet plukka det opp. Aberet med dette var at svigerfar i stressmodus hadde ein lei tendens til å striblø naseblod, og trass i dei store bomullsdottane han stappa opp i nasen for å hindre straumen, løyste alarmen seg ut. Til slutt vart svigermor så lei av dette at ho bandasjerte heile nasen med sportstape. 

Slik var altså stoda, og eg fekk klar beskjed med svigerfar om at her var det berre å vere klar, natt som dag. Ikkje visste eg eigentleg kva eg grudde meg mest til: nærkontakta med drit og drag, eller ropinga til svigerfar og Odelsgut på hi sida av saudegarden. Gardane var elles eit kapittel for seg sjøv. Dei er godt over 120 høge, og sidan ein ikkje kastar ei fjøl før ho smuldrer opp av seg sjølv på denne garden, er dei på utsida fulle av rustne spiker og alenlange flisar. Lita og nette som eg er, seier det seg sjølv at det kan vere eit helsikes problem å få med seg både fjøsdress og spæl over desse hadriansmurane. Takk Gud for turntreningane i yngre år! 

9. april vart passande nok ein skrekkens dag. Eg stod å baka grovbrød til Guten, då den stille lufta vart broten av eit hosteanfall frå helvete. Innimylla ridene kunne eg høyrde svigefar kreste fram: Blåsa er komen! Du må kome deg ut i fjøsen! 

Greitt, tenkte eg. Tok på meg amazonetrynet, hoppa i fjøsdressen, og gjekk besluttsamt mot den raude døra. Då augene mine vart vande med det dukle fjøsljoset, rann det i meg at ein dag, ein dag skulle eg tørke ditta blodsprengte gjeddegliset godt vekk. For sjølvsagt var det Store-Guri, ditta enorme helsike,  som var lammesjuk. Store-Guri var stressa og gjekk nærmast rundt seg sjølv i den kvadratstore garden. Kom deg oppi! ropte Odelsgut. Eg ser hovudet! Han prøvde iherdig å kome seg over sjølv, men han hadde lagt vekk turndrakta før han kjøpte henne, og kava nok med å prøve å få foten nedatt. Store-Guri vart ikkje mindre stressa av dette, og var godt oppvarma då eg endeleg klarte å kome meg over. Trykk innatt hovudet! Brølte svigerfar. Eg fekk på meg hansken som rakk over skuldra, og løfta forsiktig på halen. Du må ikkje dronte! Ta tak i hovudet og skubb det innatt, og få tak i føtene! Dette var slett ikkje behageleg for korkje meg eller sauden, men det måtte gjerast. Eg la handa over det vesle hovudet og trykte forsiktig. Eg kjende sveitten renne i strie strauma, og eg angra sterkt på at eg hadde teke den raude varmedressen. Kjenner du føta? Kjenner du føta? Stemma til svigerfar gjekk nesten i fistel, og over sauderyggen kunne eg sjå at naseblodet var i ferd med å trenge gjennom den kvite bandasjen. Resten av andletet var like raudt, og astamlydane var djupe og romme. Hald kjeft! ropa eg. Eg gjer så godt eg kan! Du må lenger inn! Svigerfar ville ikkje gi seg. Går eg lenger inn no, kjem fingrane ut kjeften på ho stakkars  Guri! ropte eg fortvila. Og akkurat i det eg skulle til å gi meg på heile greia, og overlate fødselen til spesialpedagogen på hi sida, kjende eg dei små klauene. Eg fekk tak og drog med det eg hadde. Og takk og lov! Der kom lammet! Men akkurat idet eg hadde fått drege det ut og fjerna slimet, fekk ditta helsikes utyske av ein sau det føre seg at ho skulle trykk ut eit lam til. Som i sakte film såg eg den enorme sauekroppen legge seg over stakkars vesle meg. Hjelp!!! ropte eg. Men svigerfar, som ikkje akkurat var Nadja Komunetski (trass eit enormt inntak av seloljekapslar) klarte berreå få eine foten oppå garden. Store-Guri hadde sterke rier og det var ikkje lenge før lammet kom. Odelsgut!! ropte eg fortvila. Kom deg opp i garden og hjelp meg, for svarte svingande!! Og der kom han. Min helt. Min Spiderman! Han var svart i auga, og eg skjøna at det var adneralinet heller enn medfødt smidigheit som dreiv Guten. Brått vart det heilt steikje stilt i fjøsen. Fan, steike! Ein bloddråpe hadde klart å trenge seg gjennom gipsen! Både folk og fe heldt pusten og såg på ferda til den einsame dråpen som sakte, men sikkert  fann sin veg ned til strekkmetallet. Den automatiske lammealarmen byrja å ule, og Odelsgut krasja rett i den automatiske delaren som var på veg ned frå taket. Gudskjelov! Eg såg livet passere i revy framfor auga mine. Var det altså slik det skulle ende: Klemt i hel av verdas største saueræv! Men lukka står den stillferdige bi, og Store-Guri vart så forstyrra av Odelsgut som kræsja i garden, at ho heiv seg opp. Takk og lov! Der kom lammet! Dra slimet vekk frå nasen, ropte svigerfar. Eg såg skarpt på han, den elendige kolkjeften, om han ikkje var nøgd med innsatsen til svigerdottera no, skulle han pinadet få seg ein drylar så sensorane i strekkmetallet fekk å bryne seg på. Odelsgut, som hadde kome seg på føtene etter det noko ublide møte med den automatiske saudegarden, hjalp meg over på hi sida. Eg ga Store-Guri eit siste blikk. Eg går i dusjen, proklamerte eg. Det var gøple både her og der, og i tillegg kjende eg at ræva hinna Store-Guri hadde knekt både det eine og det andre ribbebeinet. Odelsgut var på si side godt nøgde med innsatsen min, og det vart både masseiring og anna feiring den kvelden. 

 

3 kommentarer

Jørgen Ristesund

07.09.2013 kl.07:38

Hahaha, nauta bra, he bestilt oss 25 saue med naboen din, Atle, men vurdere no sterkt å avbestille. :-)

Odelsgårenyee

07.09.2013 kl.09:40

Nei horriheite det for noke toll!! du måkje tru at grase e so forbanna mykje grønnere på """"den"""" andre sia...

Gardakjerring

07.09.2013 kl.17:51

Jørgen Ristesund:
Det går heilt sikkert bra, trass i at pelssauene er noko smalare bak. Berre ein har små nok hender... Rikeleg med glidemiddel er og ein fordel;-)) Lukke til!

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits