Fort hjort!

Odelsgut proklamerte at han skulle på jakt... aleine. Eg burde sjølvsagt ha teke meg ein varm dusj, heve på meg chenillepysjen med pelskragen og benka meg framføre kaminå med den nye felleskjøpkatalogen. No var det likevel slik at eg ikkje hadde brukt opp all buckscenten, og det gjekk no ikkje an å kaste godt brukande brunst.

Eg prøvde desperat å formidle dette til Odelen over ein kopp Guava og nysteikte natronkaker med fløytemyseost og nylaga solbærsylte. Ein mild rap av hjortesalt og natron strøymde mot meg og tårene spratt godt tima fram i kroken. Er du steikje sprø? jamra Guten. Det gjekk no nesten til hondane sist! Sutring fører ikkje fram! Du får for svarten halde deg heime! Med desse orda jafsa han i seg den siste natronkaka og marsjerte ut. Dinna forbaska kveitesporen! tenkte eg. Men han kjende meg tydelegvis ikkje godt nok etter alle desse åra. I tillegg hadde det oppstått ein heller delikat situasjon der det absolutt var bruk for eit kvinnfolk med særlege diplomatiske evne.

Systå hadde nett danna ein trimklubb for viderekomne, og ho hadde gitt odelsgut og resten av jaktlaget klar beskjed om at ho absolutt ikkje akta å leggje om kveldsjoggen på grunn av jakta. Det var jo så moderne å gå på tur for tida, og sjølv folk ein elles ikkje såg utanfor bilen, flagra av garde både titt og ofte i den eine kreasjonen lekrare enn den andre.

Ute på atlege var det sett opp straumgjerde overalt, for sauene var komne ned frå fjellet. Odelsgut og jaktkarane hadde sett opp hjortehus på fleire strategiske stader, og dei var så godt kamuflerte, at ein sjølv i dagslys måtte sjå nøye. Guten hadde lagt eit lag av spegeltapet på veggane i sitt skur, og på denne måten gjekk alt i eitt. I tillegg var lydsensorar sette opp på kvart hjørne, og ikkje ein gong ei fluge kunne fjerte utan at dette ga godt gjenklang i veggane inne. Sensorane kunne lett slåast av når Guten hadde kaffipausar og eventuelle andre ærend.

Odelsgut hadde nett slått av lyden, teke fram svelene frå den godt utstyrte nistekorga eg hadde kokt saman i von om at eg og brunsten skulle få bli meg på jakt. Sola skein, fuglane kvitra muntert, og svelekremmen smelta godt på Odelstunga. Han greip om teleskopkikerten  og peika seg inn på saurdalsstranda.

 

Systå var strålande uniformert som vanleg, i neongul trikot med moterette, sjølvlysande franske liljer elegant drapert både framme og bak. Håret var nøye tupert for ein lett joggetur rundt Årøyane, godt hjulpe av det glitrande pannebandet som med stor presisjon var plassert over dei nyfarga, kolsvarte øyebryna.. Joggeskoa med "extreme" demp gjorde gangen hoppande lett, som ein sjølvlysande kenguru i lett motbris. Brått ser ho sitt eige spegelbilete. Juhu! ropa ho, og  bråbremsa så steinspruten stod som ein flaum bak henne. Odelen stod og kikra i motsett retning, og i den lyd -og odørtette hjorteigloen, var alle dei elles knallgode sansane dessverre bakbotne. Ho gjekk klin innåt, flekkja tennene for å undersøkje om der var nokre matrestar som hadde sneke seg innimylla etter dagens inntak av sellerimousse. Akkurat når ho stod som nærmast, snudde Odelsgut seg med kikkerten. Han sette i eit brøl som ein neppe har høyrt maken til på denne sida av galaksen. Inn i heitaste! Kva i svarten er ditta for eit hjorteuhyre!!! Han treiv rifla og la an, men såg takk og lov i aller siste lita at det var svigerinna som stod der.  Odelsgut hadde mareritt i vekesvis etter denne traumatiske hendinga, og det var ikkje berre ei natt eg vakna av flodbølgja av sveitte som kom frå hi sida av senga. Takk og lov for alle jurklutane vi hadde liggjade i høve den komande klutmeisterskapen! Sjølv var eg godt nøgd med heile hendinga for mannen hadde proklamert at eg måtte vere med på neste jakt, for han torde fan ikkje å sitje med ryggen til bygda fleire gonger.

Én kommentar

Gunnar

27.10.2013 kl.12:44

Strålande!

27.10.2013 kl.18:50

Ja slik kan det gå:) ha, ha, ha

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits