Opp-pussing del 2

Odelsgut er som kjent litt småskeptisk til forandring, og opp-pussing er vel ikkje heilt det han helst vil bruke fritida på. Utan å lyge kan eg difor seie at eg har brukt fleire år på å få Guten på gli i høve til å utvide kjøkkenet. Odelsgut, som ikkje hadde rekna med å få ei kjerring på garden i det heile, hadde laga eit kjøkken som var godt egnande for ein singel ungkar i sin beste alder, og han hadde absolutt ikkje forståing eller medkjensle for mine behov. 

Ein nydeleg morgon i juli vart eg så rasande på denne rigide haldninga til endring, at eg streika. Eg lagar ikkje ein einaste matbit til i dette rommet, lynte eg mot han. Fan altso, må du starte med ditta maset no igjen. Er det ikkje bra nok til di? Har eg ikkje ofra skiljeveggen i stova? Og kor gale gjekk ikkje det? Det var like før heile huset var lagt i ruinar på grunn av at du aldri fan verte fornøgde. Han gestikulerte kraftig med armane, og peikte på den vesle kvadraten med benkplass. Sjå her? Eit hav av plass!! Kan du liksom ikkje bake her? Og har du tenkt på kva det vil koste? Det hadde eg sjølvsagt, og la fram eit budsjettforslag med kalkyler og sannsynsrekning. Alle forutsette og uforutsette kostnader var teke med, samt ei samanlikning av prisnivået til forskjellige produsentar. Guten rynka bryna, og bortsett frå den vesle rykninga i venstre auget, var andletet heilt fritt for uttrykk. 

Men denne gongen var eg standhaftig. Eg nekta å lage korkje natronkaker eller solbærsylte, og dinna isgaltå kunne sjå långt etter raspaball og heimelaga blodpølse !  I tillegg var den flunkande nye, magentafarga cordfløyelspysjen godt attknappa med sekssifra kodelås. Grensene var stengde, og det vart ikkje gitt noko visum der i garden, ikkje ein gong i naudstilfella som Odelen ropte om både titt og ofte. Alle forsøk på invasjon vart straffa på unemneleg vis. Det gjekk faktisk så langt at Guten gjekk til innkjøp av ein nattdress som hadde nøyaktig same mønster som sengekleda eg hadde fått i bursdagsgåve. Leopardkamoflasjen fungerte godt, og mannen var heilt steikje usynleg for det blotte auget.  Eg vart godt bleiklemma då prøvde å breie på meg det eg trudde var dyna, men eg let meg ikkje rokke. Berre ligg der som ei kolde hæs! ropte Odelsgut i rein fortviling, men protestane vart svakare parallellt med det stadig synkande blodsukkernivået, og ein dag låg der ein IKEA-katalog på kjøkkenbenken.

Mirakelets tid var altså kome til kjøkenet på gamlehuset på Sjurbakkane. Men det var ikkje berre å setje seg ned å kvile på laubæra. Dette kom ikkje gratis! Det var nok ikkje ein smilande og overivrig Odel eg ville få med å gjere i tida framover. Her fekk eg nok bruk for all psykologien eg hadde lært på antitemperament-kurset lagmannsretten hadde påtvinga rolege meg i høve dei lett ivrige utbrota eg hadde hatt på Kjøpet. Utfordringane stod altså i kø, og det vart ikke betre av at alle ville ha eit ord med i laget i høve til både innreiing og fargeval. Guten sjølv vart bleik om nebbet når det vart tale om fargar og interiør, og trakk seg som Fantomet stille tilbake til dei djupe skogar i garasjen når slike emne kom på bana. 

Eg skal ikkje seie kva ord Guten let ut av seg då han kom heim den onsdagen, men det var ikkje eignande for vare øyrer. For det fyrste måtte han parkere borte med naboen, då heile tunet var okkupert av enorme IKEA- trailarar. Utover heile kjøkkengolvet låg den eine pakken etter den andre med den fantastiske gule og blå logoen lysande mot oss. Fan, steike! ropte Guten fortvila. Her kjeme ein hardtarbeidande, enkel båtbyggjar heim frå ein travel dag på jobb, og ditte er det eg møter?  Ta det no med ro! ropte eg, medan eg dirigerte den nette Bring-mannen til rett stad med den siste pakken. Rett nok kjende eg sinnet blusse opp, som om han var den einaste som var på jobb,dinna botnkrædå!  Ro ned rekå, ro ned rekå! tenkte eg febrilsk, og prøvde desperat å tenkje på bølgjer som duva roleg fram og tilbake ein varm sommardag. Eg pusta inn med nasen og ut med munnen, klistra på meg eit smil, og jobba vidare. Ja, og slik ein nette båtbyggar du er også! smiska eg. Kjekkare stålmann finst vel knapt på heile Sunnmøre! gnura eg vidare, medan eg så vidt klarte å stue den siste pakken innfor kjøkkendøra. Arbeidskleda klistra seg til kroppen av sveitten som rann i strie straumar, og all friksjonen laga gnagsår på tabubelagte område. Dei to bærarane var raske med å forlate åstaden. Dei ana vel uråd, trass i den rolege ordleiken. Så var vi altså treeine. Odelsgut, eg og alle pakkane. 

Det starta forbausande bra, eigentleg. Ikkje noko banning eller roping i det heile. Eg hadde kokt fårikål på primusen, så Guten hadde fått i seg godt med næring. Og kaffien putra jamnt på bålpanna ute i tunet. Skap etter skap kom opp i rekordfart. Spikerpistolen og batteridrillen ga ein harmonisk gjenklang nærmast døgnet rundt, og etter tre veker med intens jobbing, såg vi forma av eit heilt nytt kjøkken. 

I planleggjing var det eit punkt der Odelsgut ikkje var til å rokke. Vi kjøper ikkje ny kjøkkenvifte, hadde han sagt, medan armane vart lagt tungt i kors, og brillene seig sakte nedover mot den ytste enden av nasen. Den vi har er godt brukande, og nesten ny. Ny! ropte eg. Ho er eldre enn både meg og deg! Til saman! Men uansett kor eg argumenterte, var det ikkje råd å snakke Guten til fornuft. Ditta utyske av ei vifte eige ikkje sugeevne. Vi kjem til å verte blinda av all dampen! ropte eg fortvila til slutt. Det er vel ikkje noko problem! Eg har no massevis av delar i garasjen! repliserte han, og har ikkje porane godt av litt damp? Og med denne utsegna var partileiardebatten over.   Ja, ja. Eg skulle allttids klare å skjue fanskapet bak ei pyntelist eller to, tenkte eg, så eg var ikkje bekymra.

For å få vita på plass, måtte vi bore ut ein del av ytterveggen, og med nyjusteringane tok vifta neste ein kubikk med skap-plass. Eg stod inne, godt plassert oppe på ein stige, og Guten stod ute, i stige han og. Er du der? ropte han. Jada, svara eg, og stakk hovudet ut det vesle runde holet i ytterveggen. Den gamle asconamotoren Guten hadde innlemma i viftestrukturen var tung som bly, og etter alle desse vekene med hamring, løfting og skruing, hadde eg senebetennelse i kvart eit steikje molekyl i kroppen. Utysket vart endeleg trykt på plass, godt festa med kobbeboltar på alle kantar.  Eg fann fram restane av fårikålen frå sist veke og plasserte panna med andakt på ovnen. No set eg på vifta! ropte eg til Odelsgut, som stod rett utføre. Der kom eit rungande brøl frå vifta før ho sette i gong. Skakinga hadde sprengt Richterskalaen, og trommeleffekta var minst 8 g! Oppsuget var så kraftig at eg vart løfta lukt oppifrå det nylagde golvet, og det var umuleg å nå avknappen. Kål og kjøt fauk ut av panna som ein pyroklaktisk tornado. Ka i fan! høyrde eg gjennom den øyredøyvande duren. Guten, som stod rett utanfor vifteinngangen, fekk heile suppa midt i fleisen. Trykket var så stort at heile mannen vart trykt bak i verandarekkverket. Din forbanna sildespore! ropte eg. Oppjustert vifta!! Det er eit mordvåpen! skreik eg fortvila, medan eg kjempa mot naturkatastrofen som utspann seg inne i kjøkenet. Slå ta! ropte Odelen. Han var forvila i stemma. I tillegg til all fåresausen som trengde seg inn i odelsporane med uant kraft, klarte han ikkje å røre på seg. Den einaste trøysta var at systå, som hadde teke ei runde for å inspisere framgangen til prosjektet, fekk fårikål lukt i det nyfriserte håret. Ikkje ein gong den alltid så trufaste elnettsprayen klarte å halde på  hårhøgda. Fan, altså! Er det ikkje muleg å få snakke med syster mi utan å verte skjenda på denne måten, brølte ho. Men munnen vart stogga av ein stor måle med fårekjøt som kom susande gjennom lufta frå den lett oppjusterte kjøkkenvifta. Det vert lenge til neste vitjing! proklamerte ho, medan ho vifta med knytte nevar, og kjøtbitane flaug i små flogg ut or kjeften. Og trass i kålblada som rann i tunge straumar ned i djupna av kjeledressen, og la seg godt til rette på uhøviske stader, smilte Odelsgut eit velsigna smil, og tenkte at trass alt var det betre med IKEA-helvete enn svigerinnebesøk.

Heldigvis kom svigerfar oss til unnsetning, og tok sikringa. Og etter vi hadde vaska og rydda, var vi ferdige med det nye kjøkkenet. Og medan IKEA-skapa gynga sakte i valsen, dansa Guten og eg med skrumaskina over det eine atlege etter det andre. Kevin Costner kunne ha ulvane sine i fred, tenkte eg i rusen av lukke som la seg som eit bredt teppe over den vesle garden. Og folk som vandra forbi oppe på vegen, måtter trekke på smilebandet. Etter 27 dagar med smell, banning, og høglytt spikring i månelyset, kunne dei no sjå siluetten av eit vel foreina par som dansa vals i sitt nye kjøkken.

 

 

Ingen kommentarer

10.02.2014 kl.21:13

:D:D:D

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits