sauesanking

Det var ein nydeleg dag i september. Blada på bjørketreet oppe med vegen hadde fått sin haustgyldne farge, og plenen hadde hatt sin siste frisørtime denne sesongen. Nylaga plommesylte stod på bordet, og kaffilukta svevde lett rundt i rommet ilag med kjensla av velbehag.

Odelsgut måtte på jobb, og dermed var det eg som måtte ofre meg for sauesankinga i år. Sauesanking er for så vidt heilt greitt, men å gå aleine ilag med Svigerfar, kunne by på diplomatiske og psykologiske utfordringar. Sjølv for meg som hadde eit roleg gemytt, og til vanleg lot den panikkslagne ropinga gå inn eine øyra og ut den andre. Men dinna kveitå kunne irritere på seg ei fredsdue! Det starta bra, og vi gjekk jamt og greitt. Endåtil sauene var i godlynne og Vesle-Siv og Kari-Kari heldt flokken meir eller mindre på rett veg. Svigerfar babla i veg om kvar vi måtte få saudene til å gå nedatt noko som var ei utfordring kvart eit einaste år. Nedgjønå moraset måtte dei uansett, men kvar det var best å gå, var fortsatt eit mysterium for både nye og gamle sauebønder. Eg gjekk mest i eigne tankar då svigerfar sette i eit primalskrik. I sjokket over den sprengde trommehinna, snubla eg i ei einerot og datt så lang eg var rett ned i ei hjortehole. I ørska høyrde eg ditta krapylet rope: spring etter sauene, for fan! Du må komme ovanfor dei!!! Ikkje ligg der og vent, du må komme igjen!! Eg kjende eg vart eitrande forbanna på dinna knorrjen. Spring sjølv, for helsike! ropte eg. Eg klarer det no ikkje! Eg har krampe i låkefoten! smellde svigerfar tilbake. Dei kjem til å springe heilt på Blæja!!! Det var umenneskeleg freistande å dryle av ein lort eller to frå gropa, men tanken på å springe atti flokken heilt på Blæja, ikkje særleg attraktiv, han heller. Svanhild var i spissen for utbrytarane, ei enorm pelssøye som hadde vakse på seg langull i løpet av sommarmånadane i fjellheimen. Håret dansa over tuer og einer, og hine idiotane røyste attiveia. Eg kjende blodsmak og magesyre i ei grufull legering i kjeften. Sveitten rann i stride straumar, og pulsen hamra hardt i halsgropa. 

Svanhild! skreik eg med det eg hadde att av pust. Svanhild! Vil du sjå til å stoppe ditt helsike!! Og kanskje var det telepati, kanskje desperasjonen i stemma mi, men sauen bråbremsa, og la på sprang nedover. Steik, also, fekk eg fram med den vesle pusten eg hadde att. Eg keik ned. Odelen, omtenksam, men dog realistisk som han er, hadde for fleire år sidan spesialdesigna ein pulsmålar.Pulsmålaren Odelsgut hadde laga spesielt for sauesankinga, viste 200, så eg var godt innafor alarmpulstempo. Svigerfar var derimot ikkje like heldig. I augekroken såg eg han ta eit gasellehopp over eit ute, før han som lyn frå klar himmel fekk eit krampeanfall og datt saman som ein tome formjølsekk, med nasen fyrst i ei tue av overmoda multe. Dinna helsikes pulsmålaren har paralysert meg!! Eg kan ikkje røre på meg! ropa han fortvila. Men straks nasen lukta bæra som låg framføre, gløymde han heile greia og lepja i seg med det han hadde. Multer kostar trass alt nær to hundre kroner kiloen, så her var det ikkje rom for å la nok liggje att - råta eller ikkje.

Nedover brattaste lida bar det med både meg, Svanhild og resten av flokken. Heitedet! tenkte eg, dette går aldri vel. Men flokken for i alle fall i rett retning, og bak meg kunne eg høyre tæringshosten til Svigerfyar komme nærmare. Det betydde at pulsen var innanfor det akseptable nivået. Berre ta det med ro, ropte han. No finn dei heim sjølve! Men akkurat då fekk eg auge på nokre flagrande gule finnar lenger ned i vegen. Å, nei! tenkte eg. Det er systå! Svigerfar kjem til å klikke! Eg prøvde desperat å rope til henne at ho måtte gå i dekning bak ei tue, men systå, som hadde flashdance på fyll drylar på øyrene, høyrde ikkje steike støv. Ho duva vidare oppover stigen med gåstavane, i takta til ""What a feeling". Takk og lov, der stoppa ho, tenkte eg letta. Dra deg ut tå dreva! ropte eg. Men systa, som berre måtte tøye ut, sette i staden spælet ned på venstre foten, og strekte ut den andre med det ho hadde. Akkurat då kom heile hirda, med Svanhild, ditta helsike, i spissen. Systå fauk fleire meter nedover stien, men trass i oppdrifta dei flotte flaggermusarmane ga, landa ha brått og brutalt opp i den store eina rett ovanfor Kvile. Sauene for i vill galopp framover mot Sætra, og eg la på sprang medan eg høyrde pulsmålaren til Svigerfar peip som besatt. I augekroken såg eg han datt saman rett attmed eina som systå låg og slåst med, og dei to byrja sjølvsagt å brøle uhemma til kvarandre om skuld og uskuld og kven som hadde rett og ikkje rett til å gå i utmark.

Heldigvis for meg, hadde Svanhild ete seg godt opp på det grøne graset i Blæjeskaret, og orka ikkje meir, ho heller.  Dermed fall både ho og resten av flokken til ro på Sætrevollen og kunne køyrast heim i dyrekassa. Odelsgut, som kom putrande med traktoren, kunne ikkje forstå kvifor eg var sliten etter sankinga. Dei blodskotne auga mine stogga fleire morosame ytringar, og synet av dei enorme hematoma på skinka, var sterkt graverande for ein odelsstakkar, som eigentleg var uskuldig når alt kom til alt. Og, som Guten peika på seinare over ei skål nylaga råmjølksgraut, trengde no Svanhild litt ekstra trim, då ho med sine 12 år måtte belage seg på å bli årets julemiddag. 

 

 

Én kommentar

Hans

27.02.2014 kl.11:24

Kan bære seie en teng. Ej he store sans for bloggen din. Gleda meg stort allereie til neste oppdatering.

Helsing frå yste søre luten :)

Gardakjerring

01.03.2014 kl.22:26

Hans:
Takker:-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits