Morsdag

Steike det, also! Eg plar seie til Odelsgut, at når det er morsdag kan ei skarve gardakjerring få kvile spælet sitt og ta det med ro. Kanskje kan det verte ein frukost eller to på senga denne helga, eller ei lita overrasking for slitne bondeauge. Med dette i hovudet var eg yrande full av forventning då eg fann kassa den kvelden. Odelen sjølv sa inkje, men det djupe grå blikket, ga lovnad om både kjende og ukjende skattar. I drøyme kan som kjent det meste skje, og i min draum denne natta var eg på sauesanking. Den nydelege lukta av blåbærlyng og regntung mose strøymde gjennom lungene idet eg lett spaserte rundt sandfjelleggja. Sjølv Svanhild, ditta utysket, gjekk som ei prestinne. Brått vart denne eimen av harmoni brote av eit raut frå det hinsidige. Svanhild og resten av flokken vart vitskremde av hylet som minte meir om ein flokk skadeskotne elefantar på vill flukt gjennom jungelen. Oppvakninga var rå og brutal. Det var berre ein draum, tenkte eg, medan pulsen hamra i vill galopp under chenillepysjen, og den klamme kjerringskrotten danna grobotn for opptil fleire mikrobar, som gjerne ville ha bustad i ei varm og god odelsseng. Men hylinga ville ikkje gi seg, og i halvsvevn registrerte eg at trass i draumen eg nett hadde stige ut frå, hadde den grusame lyden opprinning utanfor husets lune arne. Fan! tenkte eg, disse helsikes monstra i fjøsen har slete seg! Eg heiv ei hand bort på hi sida, men Odelen meiner som kjent at om ein ikkje står opp før klokka 6, har ein kasta vekk det meste av dagen. Kroppen var endå i søvnmodus, men eg hadde ikkje tid til den vanlege vekkingsprosedyren med sleggja. Lyden vart meir og meir frenetisk, og det var med ein god porsjon skepsis eg let opp utedøra. Steik! Der stod pina det han Store-Per midt i åsynet. Han var så nær at eg kunne kjenne den varme og  kvalmande eimen av opp-orta silo og fôrmjøl.  

I kaoset hadde eg ikkje tenkt over at eg var ikledd den juleraude pysjen, og Store-Per reagerte som ein ekte spanjol! Han tok sats, og det var med naud og neppe eg klarte å trykkje den nette bakenden min godt innåt rekkverket til trappa. Odelsgut! skreik eg! Kvar i helsike er du! Store-Per øydelegg heile tunet! Samstundes prøvde eg desperat å roe ned oksen, som nett hadde fått ein smak av revolusjoneirade fridom. Roleg no, Pereguten, sa eg, og såg optimistisk at oksen stogga sin ville galopp for å snuse på maten som endå stod på ballespydet på gamleforden. Odelsgut, som kom sjanglande ut av fjøsen med ein forbøvlege blåkul i panna, og prøvde så godt han kunne å synkroniserte blikket, ropte fortvila: Dra deg innat, din fjesing! Du er no raudare enn nissetruså eg fekk til jul! Og tankane minne flaug eit kort sekund innom Odelen i den flotte boksaren i djupraud fløyel og innsydde blinkljos. Men dei varme tankane vart snart jaga attende til røynda då eg såg at Store-Per snudde seg med sitt olme blikk. Han sparka hardt i asfalten, bøygde hovudet og la på sprang mot det raudkledde pæreforma kvinnfolket som stod midt i åsynet.

Helsike! Er det ikkje muleg å tenkje seg litt om!! ropte Odelsgut. Kome ut i tunet som ei raud juletrekule! Herregud! Han Store-Per kjem til å springe deg rett ned! Her var gode råd kostbare. Eg sprang med det eg hadde mot den godt vaksne lønna på naboatleget, men det flagrande chenillestoffet gjorde meg ikkje akkurat til ei prima ballerina. Bak meg høyrde eg tunge nasepust og 800 kilo galopperande klauer. Oksen var så nær at eg kjende orteeimen i nasebora.  Odelsguuuuut! Hjelp kjerringa di, for helsike! I augekroken såg eg Guten hasta bort til jaktskuffa i garasjen, og greip tak i den første og beste brunstflaska. Med den fantastiske odelskrafta kasta han flaska mot tyren og toreadoren som begge hoppa elegant over merkesteinen mellom dei to atelega. Med all adrenalinet i kroppen, merka eg ikkje flaska som traff nakken, og i farta eg la for dagen, forsvann den sterke brunstlukta rett i nasebora til den rasande stuten nokre meter bak. Letta konstaterte eg at rauta vart mildare og meir innyndande, og at mord ikkje lenger var målet for den no sprengkåte oksen. Men like intens var han, og eg brukte dei siste kreftene i føter som var breiddfulle av mjølkesyre, til å klivre så langt opp i lønna det var muleg. Det store beistet bak meg, klarte derimot ikkje å stogge like fort, og dundra inn i trestammen med eit enormt trykk. 

Treet svaia faretruande etter samanstøyten, og med sveitte og brunst rennande nedover kroppen i strie straumar, såg eg frå fulgehøgde at Per-Gut segna stille om. Takk og lov! tenkte eg, og pusta letta ut. Og helten på lødetrappa såg at den knallraude figuren i toppen av treet, letta senka skuldrane. Brått byrja greina eg stod på å lage mistenkjelege knekklydar. Fan! tenkte eg. No går det til hondane, altså! Men heldigvis for meg, låg den stein daude oksen som ein brannduk langt der nede, og dermed vart hematoma ikkje så store som fyrst frykta.

 

Og i all mi elende, vart eg henta på traktorskuffa og jaga rett i dusjen, og etter ein liten halvtime hadde helten min trylla fram store mengder bacon og egg, som høyrer med på ein morsdag. Sjølv hadde eg nokre deilege surmjølkslappar på lur, og med den  fantastiske smaken av lappar og stekt galte, forsvann harmen over stuten som hadde fått sitt endelikt på naboatleget. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

40, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits