Draumen om IKEA

 

Odelsgut er nøysam. Der om er det ingen tvil. I vårt hus vert mat aldri kasta, gamle møblar får alltid alternative oppgåver om noko nytt kjem til gards, og ikkje minst fungerer utgåtte t-skjorter og truser alltids  som skurefiller i verkstaden eller i fjøsen. Misforstå meg ikkje, dette er ein god kvalitet, men set likevel nokre grenser for kva som til ei kvar til kan kjøpast inn. Noko som for så vidt også er heilt greitt. Ein vinn vinn situasjon, kan ein kanskje seie.

 

Med denne rigide haldninga til å støtte den lokale renovasjonsordninga, var det sjølvsagt ikkje noko enkel sak å få guten med seg til Bergen. IKEA!!! nærmast gulpa han fram. Rekylen var så sterk at det var like før saltfleskrestane etter balljemiddagen sist torsdag sette seg fast i kjøkkenveggen. Alvoret i dei grøngrå auga som kika over brilleglasa frå motsett side av kjøkenbordet, var ikkje til å misforstå. Eg kjende sinnet kome farande over desse evinnelege debattane over noko som i utgangspunktet burde ha vore enkelt. Ja, IKEA!! ropte eg, litt høgre i røynda enn i tankane. Treng vi ikkje litt forskjelleg, kanskje? prøvde eg meg litt forsiktig. Treng!!! ropte han, medan kaskadar av grisemolekylar entra kjøkkenbordet i meir eller mindre flotte mønster. Vi treng ikkje steike støv! Gi meg eitt døme på noko som manglar i denne heimen! sa han, og vifta hissig med begge henda. Sjå på sofaen i stova! Han heng snart ikkje i hop. Det er helseskadeleg! Og hyllene i kjellaren dett snart saman. Fleire av dei har gjort det allereie. Eg løfta opp ein flik av den gule velournattkjolen og passa på å vise det basketballstore blåmerket eg hadde fått på låret nettopp på grunn av hyllene. Pøh! snøfta Guten. Ei gardakjerring må no tåle såpass! Tordenskya stod over hovudet på meg. Steik for ein tosk! Men nokre tilfeldig lause skruar på gråsofaen skulle nok få mannen på andre tankar!

 

Berre synet av tettbygde strøk ga Guten ekstra sterke sveitteparlar i hårfestet, og bilsetet var alt anna enn tort då vi endeleg fekk parkere framfør møbelbutikken frå helvete, som Odelen straks hadde døypt det enorme blågule bygget. Lite visste han sjølvsagt om kva han hadde i vente, men eg trøysta elsklingen med at det var langt ifrå berre møblar å sjå på, der var både sparelys og anna av interesse for ein kjekke kar på byatur. Og så stort som IKEA er, vil det vere mykje plass og lite trengsel, lova eg, medan mitt stille sinn bad til høgare makter om at dette også ville vere realitetane.

 

Det var stilt og roleg i det vi skulle til å gå inn dei store glasdørene. Dette er lovande, tenkte eg optimistisk, og kjende at pulsen slo av farten. Kor feil ein kan ta!  Brått høyrde vi eit voldsamt leven, og i det eg kika over skuldra, kom den eine dobble etasjebussen etter den andre, stappfulle med IKEA-entusiastar, skrensande. Den fyrste doningen bråbremsa rett framføre døra, og eg klarte akkurat å rive Odelen til side, før den opphissa folkemengda trengde seg forbi som ein tsunami, og drog med seg alt på sin veg. Då vi endeleg kom oss inn var trengselen stor, og temperaturen hadde passert brennheitt for lenge sidan. Gå her på rekkje som nokre andre rævlo! jamra Odelsgut med gråkvalt stemme, og gjekk inn i ein haitiansk zombietilstand. Han heldt så hard rundt kredittkortet at knokane kvitna, og små stressblemmer vaks fram på dei elles så nette nevane. Vakn opp, for helsike! Ta ei handlevogn så vi får komme i gong!

Sjølv var eg i lukkerus! For ei fantastisk forretning! Stemma mi var ekstatisk, men blikket under bresjnevbryna var alt anna enn samde i mi begeistring. Sjå til å bli ferdig så vi kjem oss ut av dette uendeleg infernalske marerittet! Stemma var desperat og rusten, og dei mørke ringane under armane spreidde seg raskt til resten av overkroppen. Sveitten rann i strie straumar, og danna breie sneglespor etter adidasbroka som ifølgje reklamen visst nok skulle puste ekstra godt.

 

Heite det! Desse pærene kostar tre gonger så mykje på coop'en, nærmast ropte eg, og før eg visste ordet av det hadde hendene mine hivd minst hundre sparepærer opp i korga. Stakkars Odelsgut prøvde å roe meg ned, og vifta faretruande med det sveittebelagde visakortet, men snakka for døve øyrer. Eg hadde sett eit skilt som viste dørmatter til 3 kr, og eit anna som viste bokhyller til 100 kr. Vi må kome att i morgon! ropte eg. Vi vert ikkje ferdige med alt i dag! Tanken på å tilbringe endå ein dag i dette kaoset, fekk det til å renne over for Odelsgut, og før eg visste ordet av det, hadde han lasta 5 flatpakka hyller på den vesle handlevogna. Eg kjende eg vart forbanna! Ta deg saman, mann! hveste eg. Det kan no ikkje vere så forbanna gale, og hyllene ser ut til å vere for store for bilen! Vi tek heller ein tur til. Det er sikkert ikkje så mykje folk her seinare i kveld, eller i morgon.

 

Eg hadde knapt sagt ferdig setninga før guten løfta meg opp, la meg flat opp på ein av pakkane og strekte ut armane mine. Folk som stod rundt begynte å kike, og eg prøvde så godt eg kunne å smile breidt. "He is only måling my body to see how it fits in the trunk", prøvde eg å seie til ein japansk turist som hadde forvilla seg inn. Han såg på meg med store auge, og gjekk raskt vidare. Odelsgut var så våt av sveitte, og såg så blodskoten og bleikgusten ut, at eg godt kunne forstå kvifor japanaren rygga. Ta meg ned herifrå, elles har du ete di siste natronkake! ropte eg mellom samanbitte tenner, som samstundes prøvde å oppretthalde eit smil. Det var ikkje enkelt der oppe i høgda, og utan hjelp kom eg til å bli der liggjande.

 

Men Guten, som hadde forlete landejorda i det vi passerte kjøkenavdelinga, høyrde ikkje det spøt. Han sjangla seg vidare med handlevogna som så vidt såg ut til å gå framover under den enorme vekta. Og sjølv i den kaotiske folkemengda, kunne eg sjå skallen til Guten,  og den breilasta vogna presse seg framover i køa. Gardakjerringa låg attgløymt på seksjon 502354.

 

Guten kom ikkje til seg sjølv før han sette seg på doskåla på hotellet og mangla papir. Kom å tork! ropte han. Sveittebrotet som då kom over odelsnakkjen, var nok utan sidestykke, då han med sjokkarta vantru innsåg at kjerringa på lik linje med dopapiret, rett og slett ikkje var å oppdrive på hotellrommet. Men, som han poengterte etter redningsaksjonen, fekk han berre med det ei god lærepenge. I tillegg fekk vi eit gåvekort på 5000 kr for tort og svie, noko som godt på veg kompenserte for ei natt på svensk jord. Men natronkakene let vente på seg, for å seie det slik, og Guten fekk i meeeget lang tid merke at det ikkje berre var IKEA som kunne låse dørene sine når kvelden var på hell.

 

 

 

 

 

 

 

7 kommentarer

Victoria Wisløff

02.11.2014 kl.16:43

Kos deg siste rest av helga :)

02.11.2014 kl.17:19

Ja, ja kjære svåger, slik kan det gå:)

Gardakjerring

02.11.2014 kl.20:32

Anonym: synes ikkje synd i Odelen, i det heil tatt!!

Gardakjerring

02.11.2014 kl.20:33

Victoria Wisløff: takk det same:-)

Hurlimann XT909

03.11.2014 kl.22:34

Det e so steikje godt skreve. Ej kjenne mej steikje godt igjen i Odelen ja..:)

Gardakjerring

04.11.2014 kl.22:15

Hurlimann XT909: Ja, det gjer du vel! ;-) tusen takk for kjekke tilbakemeldingar! Det inspirerer!

Hurlimann XT909

14.08.2015 kl.10:38

No saknar eg nokre gode visdoms ord nå når hausten nermer seg :)

God Helg :)

Gardakjerring

02.10.2015 kl.11:07

Har skrive ein "tamp" i Synste Møre denne veka;-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

42, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits