Jagt er jakt

Det var ein nydeleg oktobermorgon. Lauva var så vidt blitt gule, og den fyrste hauststormen hadde teke med seg halvparten av bladpryda. Sola skein forsiktig over bakkekammen og danna eit bilete av harmoni og fred, men inne på kjøkkenet var stemninga spent. Eg hadde akkurat proklamert at eg skulle bli med Odelsgut på jakt, og han hadde som vanleg nekta. Det verte alltid styr! prøvde han desperat å formidle. Men eg ville ikkje høyre. Pøh! Styr? Eg skal liggje knuskande i ro! Ikkje lage ein einaste lyd, sa eg så kontrollert som blodomløpet tillot, og tilbaud Guten endå ei skive med heimelaga eplegele laga av eple frå eigen hage. Nest etter natronkaker, julemanna og raspaball, var eplegele det beste han visste, og om ikkje dette mildna humøret, var det ikkje noko som gjorde det. Odelen tok i mot skiva med eit fnys, men var dessverre like urokkeleg. Ikkje svarten! Eg verte nervevrak! Du er meir som ei lause kanon! Før eg veit ordet av det har du kledd deg ut som eit kvart og ligg med stjerten i været og ventar på dei evige jaktmarker. Lysta til å rive den siste geleklumpen av skiva vart nesten for stor av denne rigide haldninga til mi jaktkompetanse. Rett nok hadde eg ikkje brukt heile oppveksten min på jakt og dyrehald, men eg hadde brukt mange timar på fjorden og harpa opp kilovis med sei og lyr. Gulost var gulost, jakt var jakt. Det dreia seg om utstyr og finesse!

På ei amerikansk nettside hadde eg funne løysinga på tørrota: Ein enorm trompet som visstnok laga den same lyden som ein hjortekolle i brunst. Eigentleg ein elg, las eg etterpå i ordboka, men kor stor kunne eigentleg forskjellen vere? I reklamen heitte det ein spesialmodifisert enorm lokketut for maksimalt utbytte. Lyden skulle ha ei rekkjevidde og eit volum verda enno ikkje hadde sett maken til. Trompeten skulle vere kraftig, høg og kunne høyrast over enorme avstandar. Tuten hadde i tillegg ein vibrerande effekt for å vekkje begjæret hjå bukkane. Hugs å følgje instruksjonen nøye stod det med lita skrift nederst. Heile greia kosta berre 18 dollar, inklusiv instruksjonsvideo. Eit røvarkjøp med andre ord. Dette måtte vere midt i blinken for Odelsgut som tidlegare hadde prøvd desse pinglete norske fløytene utan at ein steikje hjortebukk hadde vist si interesse.

Pakken som kom i posten den dagen var litt større enn eg hadde tenkt. Odelsgut og svigerfar var heldigvis opptekne med potetplukkaren som typisk nok hadde streika akkurat når dei 3 tonna med poteter måtte takast opp. Svigerfar vandra rundt i åkeren i knehøgd for å finne ein bolt som hadde sprotte ut, medan Guten var meir eller mindre i harnisk over at bolten hadde vore så uhøfleg å forlate potetplukkaren akkurat når han hadde tid til å ta opp potetene. Steik, also, Odelsgut kjem til å klikke når eg presenterer denne Goliatversjonen av ei fløyte, tenkte eg, og såg meg raskt over skuldra. Dei to i åkeren var fortsatt opptekne med kven som var skuld i at bolten hadde vandra. Her var det berre å handle raskt. Tuten måtte bringast ut på atleget med ein gong.

Å få kamuflert dette hendelse var ikkje ei enkel oppgåve, men etter timar med blod, sveitte og ei tåre eller to, var det berre det vesle munnstykke som synte. Ha, tenkte eg, no skulle eg endeleg få vise at eg var egna til meir enn sauesanking og å drage storsei på fjorden. Lokkaren skulle samle alle hjortedyr i milevis omkrins, og i fantasien kunne eg lukte dei gode middagane dette ville gi. For å vere på den sikre sida hadde eg teke på meg rypekamoen, då eg rett og slett ikkje tok sjansen på å danse rumba under fullmånen med ein grade titakkar.

Eg kjende meg meir som ei fjørkledd Prillar-Guri i det eg trakk inn pusten og tok eit enormt lungedrag og bles inn i hornet med det eg hadde. Den enorme lyden kom som eit buldrande ekko frå det hinsidige, nesten som å leggje øyra tett inn til tåkeluren til hurtigruta. Steik, tenkte eg, kva i alle dagar slags dyr var det eigentleg dei jakta på i Statane? Ikkje eit tusenmanns kor med dei djupaste bassar kunne ha klart å få fram ein slik lyd. Det skalv i bakkjen, og rista i fjella, og tankane mine gjekk til Richters skala, og ikkje minst til lause steinar i dei høge fjella kring den vesle jakthytta. Ristinga ville ingen ende ta, og eg hadde store problem med å halde meg på føtene. Den store kamodressen gjorde også sitt til at balansenerven ikkje heilt spelte på lag, og dei sjølvpåsydde rypefjøra dalte ei etter ei ned mot den vibredande jorda. Himmel og hav! tenkte eg. Enden er nær! I sidesynet såg eg Odelsgut sjangle ut av jakthytta med håret til alle kantar, vill i auga. Kva i svarten er det som skjer? Han hadde balanseproblem, han og. Brått vart det heilt steikje stillt. Det var nesten som om naturen slutta og puste, og eg torde nesten ikkje å la lungene arbeide, eg heller. Jordskjelvet hadde jamna den kjære jakthytta med jorda, og det enorme hornet som eg hadde jobba slik for å få gøymt, stod blottlagt i all si prakt om lag 50 meter bak ruinane. Odelen såg frå tuten til meg, og i løpet av eit brøkdels sekund skifta auga frå frykt til inkjeforstand til forståing til forbanning. Han opna munnen og nærmast frøste ut lefserestane frå nattjaktmåltidet. Sjå kva du har gjort ditt... meir høyrde korkje eg eller han. Lyden av stemma drukna i ei intens buldring frå det vesle granholtet bak atleget. Odelsgut heiv seg ned i hytteruinane og leitte desperat etter salongrifla, medan eg med skjelvande fingrar under fjørpryda tok fram mobiltelefonen og sette på lykteapp'en. Og det var vanvittig mange reflekspunkt som vart fanga opp i det svake lyset. Akkurat då steig fullmånen fram over Sandfjelltua, og det skremande synet som møtte meg brende seg godt fast i netthinna. Ei horde med hanndyr i alle former og fasongar kom mot meg og trampa ned alt på sin veg. Odelsguuut! ropte eg fortvila, og la på sprang med det eg hadde. I flukta tenkte eg på alle natronkakene eg måtte lage for å kompansere for nok ei jaktfadese.

Det gjekk heldigvis bra med den fjørkledde gardakjerringa denne gongen og. Odelen reiste seg frå gjørma som ein sunnmørsrambo og meia ned den eine hjorten etter den andre, og eg klarte så vidt å hive meg opp i ei store sitkagran før dei kåte bukkane nådde ti meg. Guten var så forbanna at han let meg sitje opp i grana i fleire timar før han jaga vekk den siste iherdige hjortebukken som fortsatt stod å snøfta under grana. Noko godt hadde likevel kome ut av den uheldige situasjonen. Den enorme vibreringa i jorda hadde blottlagt kvar ei steikje potet, og svigerfar slapp dermed heldigvis å gå på kne og leite etter bolten. Guten vart dermed blidgjort utan ei einaste natronkake, for heretter var det berre å blåse i tuten for å plukke opp potetene.

Én kommentar

Hurlimann XT909

13.10.2014 kl.10:01

Steikje bra. Eg flira slik at at data skjermen står bærre å hoppa. Har måtta lese opp igjen fleire gonga då linjene he berre vorte eit einaste rot i all fliringa. Ser fram til neste :)

Gardakjerring

13.10.2014 kl.16:54

Hurlimann XT909:
Takk for det:-) Inspirerande å få slike tilbakemeldingar!

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

41, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits