Og reven dansa over rota....

Det var noko magisk med desse kjølege haustkveldane. Lufta var ekstra klar, og stjernene kappast om kven av dei som kunne skine sterkast på den mørke himmelen. Den klåre lufta fann sin veg djupt ned i lungene, og eg senka skuldrane i det eg gjekk ut døra.

Eg skulle ut i fjøsen og sjå etter Magda som på heilt uforklarleg vis hadde blitt med lam under vårsleppet. Korleis han Svarte-Olav hadde kome til, var rett og slett eit mysterium, for Magda var ikkje ei søye som tok til takke med kva som helst. Brått vart eg var ein låg skråpelyd, og eg hadde ikkje før høyrt lyden, før ein enorm raudrev sprang av garde mindre enn ein meter frå meg. Reven vart nok like forskrekka som eg, for ropa etter Odelsgut som akkurat då stod i dusjen, var godt over tillete herznivå på dei fleste arbeidsstadar. Guten kom springande ut på tunet med alle kroppshår kvite av små skumdottar frå AXE-såpa som eg likte så godt. Berre dekt av ein vaskeklut, og med huda lettare samantrekt, ville han med sitt alltid rolege lynne vite kva som gjekk føre seg ein sein tysdagskveld.

"Ein rev!" ropte eg. "Ein gigantisk rev!" gjentok eg og gestikulerte febrilsk med armane. "Her, rett uanfor fjøsdøra!" Stemma mi bar preg av fortviling over at eit slikt utyske hadde våga seg ned i frå fjellheimen og teke turen innom tunet vårt. "Nei, og nei!" jamra Guten! "Og så nett no når ho Magda snart skal lamme!" Dette var verkeleg noko å bekymre seg over då vi alle visste at gamle-Magda var den skjøraste søya vi nokon gong hadde hatt. I fjor hadde Odelsgut vore så uheldig å sleppe ei lita due då han ga henne formjøl, og 3 minutt etter låg to flotte lam og sprella i garden.  Vi må sjølvsagt lage ei felle", proklamerte Odelsgut og hadde med det heilt gløymt den lette bekledninga. Dusjen fekk vente, eit påtrengande oppdrag låg framføre oss. Det var berre å finne fram sveiseutstyret. Og hadde vi ikkje nokre gamle revebur liggjande som vi hadde fått med naboen etter at han la ned røvedrifta?

Då den gylne morgonsola skein inn garasjevindauget, var fella snart ferdig. Buret var 5 x 5 x 2 meter. Litt stort, meinte eg, men Odelsgut hadde ei formeining om at det måtte vere såpass om røven var så stor som eg hadde antyda kvelden før. Vi var for ein gong skuld samde om noko.  I tillegg måtte vi sjølvsagt ordne ein stad der vi kunne vere på post. Det måtte lagast eit kamotelt nær fella slik at pokkerskapet kunne takast av dage så fort som råd. Agnet i fella var av beste sort: Eit par laksar som Guten hadde gløymt att i garasja. Der hadde det låge og godgjort seg i fleire veker. Det var ein slik eim at både Odelsgut og eg måtte ty til dei to vernemaskene vi hadde kjøpt på forsvarsbrukt.no. Tanken var å beskytte Odelsgut mot influensasymptoma han alltid fekk når Systå var i nærleiken, men vi hadde ikkje hatt høve til å prøve det ut enno.  Maskene skulle i følgje bruksrettleiinga gi fullt vern mot alle kjende stridsgassar samt mot innanding av radioaktivt støv og biologiske stridsmiddel (bakteriar). Odelsgut såg dødslekker ut i habitten, og var til forveksling lik Sylvester Stallone i "First Blood". Klart, vi veit jo alle at Sly aldri ville teke på seg ei gassmaske, då han eigenhendig kunne nedkjempe ei heil hær med ein kniv og eit par meter med macramegarn. Med desse koselege tankane dorma eg av. Klokka var bikka elleve, og mørket hadde lagt seg som eit vart teppe om bygdehusa, der det eine huset etter det andre vart lyslaust. Den vesle månen skein lett over atleget, og i ei slik bedageleg atmosfære sovna både Guten og Gardakjerringa i soveposen, med eit godt tak rundt hagla som låg mellom dei.

Det grufulle hylet som gjekk gjennom bygda var som henta frå ein skrekkfilm frå 80-talet. Hylet vekte oss begge med eit rykk, og eg venta halvvegs å sjå ei motorsag framføre meg. Vi greip etter hagla begge to, og hoppa mot fella. I det svake månelyset kunne vi sjå ein enorm skugge inne i buret. Skuggen sprang rundt som det udyret det var, og prøvde desperat å finne ein veg ut. Då vi kom nærmare såg vi konturen av både hale og hår, og Odelen greip hardare om hagla. Hjartet banka høgt, og adneralinet susa i blodet i det eg såg Guten leggje siktet innåt. Men vernemaska gjorde det vanskeleg.  Få på lykta! ropte Guten med pulserande røst. Eg fann fram den dynamodrivne fjøslykta frå Netthandelen. Og med den desperate sveivinga fekk eg godt klarsyn i høve til kvifor dette produktet gjekk for ein slikk og ingenting. "Sveiv, for helsike!"  Odelen hadde nærmast ikkje meir luft å ta av. Akkurat i det hanen vart spend, kom ein svak lysstråle og avdekka det grusomme som heldt på å skje. For der, inst inne i fella sat eit pelsdyr verda aldri før hadde sett. "Har du tenkt å ta livet av meg, din sveittedekte jase!" "Herregud!" ropte eg i rein fortviling. Kva i svarte svingande gjer du inne i revefella? Du kunne ha blitt sendt til dei evige jaktatelega!" Eg skalv ved tanken.

Guten var så forbanna at dei vanlege influensasymptoma ikkje melde sin ankomst, og han hadde mest lyst til å la systå tilbringe resten av natta i røvefella. Systå på si side bedyra evig hat til både gard og grunn, og meinte at om ein la nydeleg fransk rakfisk fram på denne måten, var det ikkje godt å seie kva som kunne ende opp i buret. Svigerfar som hadde høyrt alt mirakelet frå fjøsen, flira så han nesten ikkje kom seg føre, men ein velretta venstrehoock frå pelskåpa tørka vekk fleire veker med skratting. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

42, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits