Gledeleg handel

Trur du ikkje dinna kveitå nekta å fare på handel? Det var ikkje slik at det var absolutt naudsynt, men eg hadde ei formeining om at han godt kunne vise litt interesse. Som sagt var det ikkje han som ordna julegåver til kreti og pleti, men Odelsgut var stirrig, og den gamle hofteskada han hadde pådratt seg då ein av oksane hadde stanga han bak i ætå, blomstra på mystisk vis opp kvar gong handel vart nemnt. Det som vart tunga på vektskåla var systå sin trussel om å offentleggjere dei beste multeplassane. «Du skulle aldri ha fortalt ditta trollje kvar vi finn multene! Er du sprø!» ropte guten i rein fortviling. Men han visste at slaget var tapt. Det var berre å leggje inn årane, og satse på at færingen klarte å segle utan vind. Cæsar var slagen. Veni, vidi, men ikkje vici.

Det var ikkje mykje Cæsar att i figuren som sat ved sidan av meg då vi køyrde av Sulesundferja, og berre synet av Moa utløyste stride straumar av sveitte som rann nedover kroppen til den stakkars mannen som sat i førarsetet. Trass i at klokka ikkje endå var ti, var det folk overalt, og det var berre med naud og neppe vi fann ein stad å parkere. At systå sat og trona i baksetet, gjorde ikkje saka noko betre. «Herregud! Eg går ikkje inn! Dokke får gå inn aleine!» ropte han. «Dra deg ut av bilen, ditt rævlo!» heiv systå i han og vifta med multebrosja ho hadde teke på seg for å minne svogeren om at han måtte halde seg på den smale sti. Tolmod var ikkje hennar sterke side. «Kor gale kan det vere? Berre følg etter meg!» sa eg, og prøvde å vere litt rolegare enn dei to toreadorane på utsida av bilen. Odelen lunka ut og følgde etter med tunge steg. Inne var det fullstendig kaos og proppfullt av galne menneske som skulle kjøpe alt dei ikkje trengde til sine kjære. Eg hadde ei liste lang som eit vondt år, og stakkars Odelsgut hadde til slutt posar over heile seg. Posereimane var så stramme over fingrane at det var like før blodtilføringa stansa. «Berre tenk på at vi skal på Kjøpet etterpå!» ropte eg over skuldra.

Det gjekk eigentleg forbausande bra med tanke på den milelange lista. Likevel kjende eg eit blaff av meddynk då eg såg den gråbleike, sveittande skrotten bak meg. «No har vi berre kusina vår att», ropte eg bak skuldra. «Du må hjelpe meg!» sa eg til systå. Du veit kor sensitiv ho er om ein vel feil farge!» sa eg og løfta opp to grøne genserar. «Kva synes du?» Systå tok opp plagget og saumfarte det med stilsikkert blikk. «Dei ser no heilt steikje like ut, for svarten! Bestem dokke slik at vi kan kome oss ut frå dette marerittet!» Men systå ignorerte protestane og heldt fram: «Himmel! Du ser no vel at den eine er minst to nyansar lysare enn den andre! Er du fargeblind. Du veit kor ho Perdis er med fargar!» Eitt blikk på den skjelvande geleklumpen bak meg fekk meg til å innsjå at det var rivnande likegyldig om kusine Perdis-Mona fekk ein mørk eller lys grøn genser. Her var det berre å kome seg vidare, for gåvene måtte pakkast inn og!

Ved pakkedisken var der like lang kø som i butikkane, men etter ein god halvtime var det nesten vår tur. Den litt eldre kvinna, med ein nydeleg grålilla hårfarge, som stod framfor oss i køa, hadde heldigvis berre ein liten nett pose frå Bjørklund. Odelsgut pusta letta ut og plukka optimistisk opp alle posane som låg rundt føtene våre. Systå stod intetanande og nynna «Nå vandrer fra hver en verdens krok», då den grålilla kruspermanenten snudde seg og ropte: «Ove-Egil! No er det vår tur!» «Ove-Egil», ein bulldosar av ein mann, kom mot oss med ei enorm handlekorg med varer. Augene til systå vart faretruande store under dei lett mørklagde augebryna, og heile figuren gjorde seg klar til å setje ein stoppar for køsnikinga. Men før ho hadde fått sagt eit einaste ord, kunne eg i augekroken skimte Odelsgut og alle posane komme pressande framover. Pusten gjekk tungt, og eg kunne kjenne ein vegg av varmluft komme mot meg som ein tropisk syklon. Himmel! No har han gått frå vitet! tenkte eg. «Han har ikkje stått i kø! Han må berre dra si vekk!» Stemma til mannen var faretruande astmatisk. Blandinga av «Glade Jul», «Det lyser i stille grender» og «Long time ago in Betlehem» som dei tre nærliggjande butikkane spelte, vart til ein psykedelisk symfoni, som nesten saug den siste livsgnisten ut av den stakkars mannen min i det han slapp alle posane som han så optimistisk hadde plukka opp berre nokre julesekund tidlegare. Det vart brått heilt stille på Moa. Berre hjarteslaga til Guten var høyrbare i det han langa ut ein venstrehock så stakkars Ove-Egil gjekk rett i sittande stilling, og vi kunne sjå det lett forbausa blikket i det rulletrappa førte han nedover mot Obs?en. «Kom dokke i arbeid, for helsike!» ropte Odelsgut til meg og systå som ikkje heilt klarte å ta inn over oss det som nett hadde skjedd. Eg pakka med det eg hadde, og etter rekordkort tid kunne eg endeleg seie: «No har vi berre att syskenbarna på di side». Men scena som møtte meg i det eg såg over skuldra, ga meg frysningar. Der stod systå med ein julegrøn pologenser med kvite brot trykt opp i andletet til den stakkars bleike, sveittande mannen. For svarte svingande! Lærte ho aldri! Prøve å prakke noko styr inn på Guten i det humøret han no var i!  Eg vifta skrekkslagen med armane, men for seint! Odelsgut hadde allereie deisa den siste posen i golvet, og raudleten, med sveitten rennande i strie straumar frå hårrøtene, marsjerte han mot utgangen. «Din domort!» ropte systå etter han. Kunne du ikkje trenge noko elegant?! «Julegåver er berre vas!» ljoma i veggane på Moa. Slik vart vel historia om Schrooge til, tenkte eg, ein sta idiot som ikkje klarte å vere på julehandel med to oppegåande kvinnfolk! Det siste eg høyrde i det han forsvann i folkehavet var noko med eit helsikes utyske og buss. 

Heldigvis hadde eg klok av skade putta bilnøkkelen i handveska. Han fekk no berre stå der ute i snødreva, tenkte eg medan vi plukka opp alle posane. Det måtte bli mjuk pakke i år, slo eg fast i det blikket festa seg på den knallraude genseren med rudolfmotiv som hang på salsstativet utanfor KappAhl. Den flotte motorsaga med barkefres som eg i løynd hadde kjøpt i butikken til naboen, fekk lure seg under treet når det nærma seg nyttår.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

42, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits