Du grønne, glitrande...

Juletreet er ingen spøk her til gards. Det skal ikkje vere noko uttorka furukvast som skal stå på heidersstaden i stova, og ikkje minst skal det absolutt vere heimeprodusert. Ikkje noko butikk-kjøpt gran her i huset! For nokre år tilbake foreslo eg dette for Odelsgut, med nærmast katastrofale følgjer. Julegløggen heldt på å gå i vrangstrupen på mannjen, og det var med naud og neppe eg fekk styrta til å tok eit heimlichgrep. Nøtta traff fjøsveggen med så stor kraft at ho deisa rett gjennom, og traff storeveiren på ein svæært ugunstig stad, for å seie det slik. Stakkars Perefanten måtte ha dyrlege, og det var usikkert om han i det heile kom til å kunne gjere førjulsjobben med jembrene.

Dessverre hadde det seg slik at atelega våre var svært prega av dei grufulle herjingane til juleorkanen for eit par år sidan, og det var rett og slett ikkje berre berre å finne eit godt juletreemne. Og sjølv om lysta til å kjøpe eit juletre var stor, visste eg at det var visse ting ein rett og slett ikkje spøkte med her i garden. Det var sjølvsagt ikkje noko betre då systå kom skrensande ned i tunet med nyinnkjøpt perfekt julegran, tjokfull i greiner og  dryssesikker. Ekstra granluktspray var inkludert. «Sjå på juletreet mitt, kjære svoger», ropte ho til stakkars Odelsgut i det han kom ut av garasja med den nye motorsaga. «Er ho ikkje flott!» babla ho vidare, og for ein gong skuld kjende eg behovet for å be henne ta seg ein kavring for Guten vart bleikare og bleikare etterkvart som den grønkledde skapnaden gestikulerte i takt med "O, Jul med din glede" som stod på full guffe i  bilen.

Guten la stilt og roleg frå seg saga bak i pick-up`en, og sette seg i førarsetet - bleik, men fatta. «Berre tei di», sa eg til systå som hadde hatt på seg påfugltights for å matche juletreet på taket av bilen. «Eg skal finne ei julegran som er minst like flott som det du har betalt pengar for!» sa eg fortvila. «Pøh! Ingenting slår mi perfekte disneygran», messa ho og klappa ivrig med hendene. Eg kjende eg vart forbanna av denne overlegne haldninga til vår flotte granskog.

Problemet med dei granene vi hadde att, var storleiken. Det var ikkje ungtre, akkurat, og dei fleste av dei var meir enn 15-20 meter høge. «Kor i svarte svingande har du tenkt at vi skal få tak i eit passande emne her!» braut eg fortvila ut då Odelsgut parkerte. «Det er no vel for svarten ikkje noko problem! Har du ikkje hogd tre før? Vi høgg no berre toppen!» Auga mine gjekk oppover, og langt der i himmelsjå kunne eg skimte  nokre toppar som ikkje såg så aller verst ut. Snøen hadde nett lagt eit lettkledd dekke over skog og mark, og kulden gav liv til pusten som i små røykskyer kom ut av ansiktshola til dei to som stod der og studerte grantoppane.

«Det var no fan til storleik på desse trea!» ropte eg fortvila. «Korleis har du tenkt å gå fram her? Skal vi hogge ned heile treet, eller kva?» «Sjå her», sa Odelen og trakk fram nokre forbøvlege stigjarn. «Berre klatre opp du, så kan eg passe på her nede.» Nervøsiteten kom sigande, men eg feia han raskt til side, tok på meg jarna og byrja klatringa mot toppen. Det gjekk eigentleg forbausande bra, og til lenger opp eg kom, til rolegare vart eg. «Stooooppp!» høyrde eg langt nedanifrå. Eg festa eit tau rundt stammen og heiv den andre enden ned til Odelsgut som festa tauet til traktoren. Eg sette meg til rette på ei grein og tok fram saga.

Fuglane kvitra og song, og julefreden kom nesten sigande der eg sat høgt under sky. Men godt kan gå gale! Brått såg eg traktoren starta å røre på seg. «Odelsguut»! ropte eg. «Kva i svarte svingande er det du gjer?» Men Guten, som hadde teke ei pause for å lette på trykkjet, stod bak grana og hadde ikkje sjans på å nå i traktoren som bevega seg fortare og fortare bakover. Grana svaia faretruande, og eg klamra meg med både fast med både føter og hender det beste eg kunne. «Ikkje stå der og glo!» skreik eg fortvila. «Spring for svarten!» Grantoppen bøygde seg faretruande i ein boge ned mot traktoren. Dette går til hondane, tenkte eg, og bad i mitt stille sinn til høgare makter om å vise nåde til ei stakkars gardakjerring som berre prøvde å hogge eit heimejuletre til den tradisjonsbundne mannjen sin. Akkurat i det eg trudde at grana ville knekke i to, sleit pinadet tauet. Eg og grantoppen fauk i ei forbøvleg fart gjennom lufta, og sjølv om hjerna, armane og beina prøvde så godt dei kunne å tvihalde på stammen, hjelpte det ikkje. Eg fauk gjennom lufta med ein fart som nesten braut gjennom lydmuren. Munnen var vidopen i det farten gjennom vinterlufta vart større, og tanken på den berømte siste poteta melde seg på ferda.

Naturen og høgare makter ville det slik at det skulle gå bra med den stakkars gardakjerringkroppen, denne gongen også. Eit stort, djupt myrhol hadde av ein eller annan grunn ikkje frose inne mellom dei høge grantrea, og dermed vart det ei relativt mjuk landing. Odelen var sjølvsagt på plass med traktor og vinsj og redda meg frå å verte sitjande til livet i myrmold resten av jula. Trykket frå skrotten min hadde knokke grana i to, og toppen hadde landa relativt intakt. Vi måtte likevel hogge godt ned på for å fjerne det grøvste av fallskadane. Greiner var det smått om uansett, men som Guten sa, var det jo steikje gratis, og julekuler var det nok av.

«Treet var kanskje i breiaste laget», sa eg forsiktig til Odelsgut seinare den kvelden. Vi sat begge trykt inn i hjørnet av stova då greinene til sitkagrana hindra altfor stor rørsle. Om lag åtte av den ti kvadratmeter store stova var dekt, og det var så vidt vi kunne sitje slik, toeine, utan å kjenne at det skrapa på ryggen. «Det er no uansett betre enn treet til syster di», kom det frå hi sida av bordet medan han pirka vekk ei barnål som hadde forvilla seg oppå brødleiven. «Og du veit, med eit så stort tre, er det vel ikkje plass til noko kaffibesøk, heller», konstaterte han medan han nynna lett på «Gled deg, du jord!» Og dess strengare blikk mine vart, dess høgare vart songen, og gliset breiare. Men han kunne berre vente seg! tenkte eg og bestemte meg for at utan kaffibesøk, vart det heller ikkje teke fram verken julemanna eller anna Odelsgodt.

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

42, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits