Nytt og nyttig

Det er sjølvsagt ingen løyndom at Odelsgut heile tida er på leit etter idear som kan gjere gardsdrifta meir effektiv. Dette har eg full forståing for, men eg meiner bestemt at det også er viktig at ting ser noko lunde bra ut.  Det er ikkje alltid like enkelt for Odel og kjerring å bli samde om estetikk kontra effektivitet, og dette er eit emne som stadig kjem opp over det berømte frukostbordet. Bordet var sjølvsagt dekt med både duk og levande ljos, sjølv om Guten påstod han var allergisk mot eimen av brennande talg."No må du ikkje vere så forbanna uromantisk", braut eg ut i sinne og frustrasjon over at det var allergi som var fokuset der eg sat iført min lekraste neglisje. Elloskatalogen hadde dette ned i postkassa nokre veker før, og eg hadde vore snar med bestillingslista. Tre raske tastetrykk og neglisjeen, samt nokre smekre stilettsko var mine. Silke er eit flott stoff, men skuffande nok er det lite stretsj i det, og det var difor med naud og neppe og eit godt lag med spenol som gjorde at den indigofarga kreasjonen endeleg kom på. Og der sat han altså og stressa med dinne helsikes allergien. Eg ransaka hjerna etter eit passande fiskeuttrykk, men pusteproblem grunna litt stram silke hindra den elles så gode oksygenstraumen til hjerna. Pokker og!

"He du fått di ny kjole? Og nye sko?" Odelsauga gleid skeptisk nedover og beskua dei glitrande skoa i matchande farge med dei enormt høge hælane.  Der kom det! Endeleg! Men gleda over å bli lagt merke til gjekk fort over: "Han var no vel i minste laget..." Meir fekk han ikkje sagt før den nysteikte pannekaka med ripsgele fauk midt i andletet på han. Uheldigvis førte denne anstrengande rørsla til at fanskapet spratt opp i saumane på fleire ugunstig stader. Eg reiste meg opp med så mykje verdigheit eg kunne klare å oppdrive i overnevnte situasjon, og marsjerte ut døra som ei amasone i krigsmodus.

Eg måtte fort ta meg saman og leggje frå meg amasonetrynet! Denne morgonen måtte vi nemleg setje poteter, og det var berre å få på seg arbeidskleda og gå og gjere klart utstyret. Eg hadde knapt tenkt tanken før eg høyrde traktoren starta i tunet, Odelen var tydeleg både klar og utolmodig. Hadde dinnå makrelstørja berre vore klar for andre ting også!

Odelsgut hadde gjort nokre justeringar på potetsettaren i år.  Meir effektivt, bedyra han. Eg måtte sjølvsagt sitje bak på og styre settinga, medan han køyrde traktoren. Ditta våbølet hadde med vilje kjøpt ein traktor som var så stor at ei nette gardakjerring ikkje rakk fram til pedalane,  og det var difor ei naturleg fordeling. Eg sette meg godt til rette bak på potetsettaren, la kassene framføre meg og gjorde meg klar. Brått vart eg heist to- tre meter over bakkehøgd. "Kva i svarten er dette for slags justeringar!" ropte eg og niheldt i det vesle setet. "Sidan fallhøgda er større, kan du hive ned poteter fortløpande! Eg har rekna på det, avstanden mellom potetene vert perfekt om du hiv ei potet i sekundet." Eg kjende sveitten byrja å piple fram i panna. Her var det berre å stålsette seg, for dette kom til å gå i ekspressfart.

Vi var kome om lag halvvegs i fyrste fåra då eit stort byks med traktoren heiv meg framover. Eg hylte med det eg hadde og landa på traktortaket med eit smell. Bak meg kunne eg sjå heile potetsetjaren dette frå kvarandre, del for del, og Odelsgut, som sjølvsagt hadde på seg dei lilla øyreklokkene med radio på fullt, korkje høyrde eller såg, og gira heller opp eit hakk i trua på at alt gjekk som det skulle. Eg hamra med det eg hadde i traktortaket, men måtte til slutt bruke mesteparten av energien på å halde meg fast. Godt at kjeledressen er meir fleksibel enn neglisjeen, tenkte eg idet eg kjende dongeristoffet trenge seg inn i sprekkar eg ikkje visste eg hadde. Ikkje før vi var komne til enden av åkeren og skulle snu, såg han kva som hadde skjedd. Munnen dirra faretruande ved synet av den øydelagde settaren, og til slutt klarte han å spørje om det gjekk bra med kjerringa som fortsatt låg og heldt seg fast med kvite knokar på traktortaket.

"Få meg ned her i frå med ein steikje gong! Ser du ikkje at eg lide", ropte eg. Guten strekte ut hendene og ville ta i mot meg, og eg tok nærmast sats og traff han som ein ilter sumobrytar og skubba han overende. Raseriet strauma gjennom kroppen i takt med skritta eg tok for å kome meg innfor døra i hjemmets lune arne. Men den fortvila stemma til Odelen roa meg ned, for det store spørsmålet var sjølvsagt korleis vi no skulle få potetene i jorda. Akkurat då datt auga mine på dei nyinnkjøpte skoa som stod nok så malplassert i gangen midt mellom støvlar og vernesko. Her var gode råd dyre. Eg heiv av meg støvlane, trakka opp i stilettskoa og marsjerte ut i tunet. Odelsgut såg på meg som om eg var blitt steikje sprø, og eit sekund eller to vurderte han nok å ta fram telefonen og ringje 113. Eg skulle akkurat til å forklare då systa skrensa ned i tunet i "Lilleulv" som Odelsgut kallar den vesle sølvgrå bilen hennar. "For nokre fantastiske sko, syster!!" gaula ho ut vindauget allereie før bilen hadde fått stansa heilt. "Endeleg litt glam i tunet! JA! JA! JA!! Men kva er det du har til? Fjøskle?! Ho såg kritisk på det raude skautet og den store kjeldressen som  ikkje hadde blitt vaska sidan lamminga. "Har du noko i mot det kanskje?" Odelsgut tok eit truande skritt fram og stilte seg framføre meg. "Ja, det har eg faktisk!!" Systå tok eit skritt fram, ho og. Bilete av okseløpet i Pamplona fauk gjennom hovudet mitt, og det var på tide å avslutte diskusjonen ein gong for alle.

"Potetsettaren er øydelagd", sa eg og marsjerte ned mot traktoren, plukka opp potetkassene og ropte: "Ikkje stå der og glo! Kom deg i arbeid!" Med taktfaste steg gjekk eg bort til åkeren, snudde meg og gjekk nedover fåra. Dei lange hælane sette gode spor i molda, og det var berre å hive potetene oppi. Gliset til Guten vart breiare og breiare etter kvart som han forstod at dette var ein fantastisk ide. "Eg skal aldri meir tvile på innkjøpa dine", ropte han medan han lett til sinns heiv den eine settepoteta etter den andre ned i dei store hola. Bak oss kunne vi høyre systå gret sine modige tårer over tapet av dei glitrande skoa, og vi kunne høyre dei såre hulka i det ho sette seg inn i "Lilleulv" og sette på Lionel Ritchie på fullt. Dei sorgtunge tonane til "Say you, say me" forsvant i det fjerne og vart til slutt erstatta av den lystige plystringa til Guten som snart hadde sett den siste poteta.

 

 

2 kommentarer

ann sissel

17.08.2016 kl.23:38

artig .Ler øgt så delte den eg:-)Håpar det er ok:-)

Gardakjerring

18.08.2016 kl.17:52

ann sissel:
Berre kjekt at du delar:-)

Skriv en ny kommentar

Gardakjerring

Gardakjerring

43, Vanylven

Er ikkje fotballfrue, men eg trur han har spelt ein gong i tida. Eg veit han var rasande dyktig på ski, for han har mange medaljar. Elles er han ein talentfull odelsgut med sans for gardsdrift, og det er ikkje til å kome i frå at han har vore heldig med val av kjærast.

Kategorier

Arkiv

hits